NBU-sida har fått nye vignettar, den eine av dei er brukt her og illustrerer forfattar(ar). Det er forfattar og illustratør Anna Fiske som har laga dei ti nye vignettane, som skal brukast til å illustrere saker på nettsida. Frå før har vi elleve vignettar laga av Ragnar Aalbu. Dei var ferdige i fjor vår, og har vore flittig i bruk etter det.

Ragnar Aalbu: Scenekunst

Ragnar Aalbu: Scenekunst

På NBU-sida legg vi ofte ut saker det er vanskeleg å finne bilde eller annan illustrasjon til. Vi hentar forfattarportrett og omslagsbilde frå forlagssidene, fordi det også er i forlagas interesse å vise det. Elles tar vi ein del bilde sjølve, andre gonger får vi lov til å bruke bilde andre har tatt. Men i svært mange tilfelle har vi ingenting, og da har vi heller inga nettsak.

Ved å få NBU-medlemmer til å laga vignettar, får vi også vist fram kor mange fantastisk flinke illustratørar vi har blant oss, og illustrasjonane deira er samtidig med på å heve kvaliteten på nettsida.

Vi har tenkt å gjenta dette også neste år, og kanskje fleire år framover, slik at vi får ein bank med vignettar vi kan variere mellom.

Anna Fiske: Bokavtale

Anna Fiske: Bokavtale