Norsk Forfattersentrum vedtok på årsmøte i helga å opne opp for medlemsskap for sakprosaforfattarar. Saka har vore debattert i foreininga fleire gonger over mange år, og meiningane har vore delte. Men med 84 mot 24 stemmer vart det nå vedtatt ei endring i opptakskrava som gjer at sakprosa av ein viss type kan kvalifisere til medlemsskap.
Likevel vil NFSs definisjon av sakprosa-omgrepet langt på veg samsvara med den Kulturrådet har, det inneber bøker skrivne i ei essayistisk, forteljande, resonnerande eller argumenterande form er «innanfor», mens typisk bruksprosa som hobby- og handbøker, oppslagsverk, lærebøker og forskingsrapportar fell utanfor.
Norsk Forfattersentrum vart stifta i 1968 som ein organisasjon som formidlar opplesningar, skrivekurs, foredrag og andre oppdrag for medlemmene. I utgangspunktet var det berre forfattarar av skjønnlitterære bøker for vaksne som kunne vera medlemmer, men seinare har det vorte opna også for barnebokforfattarar og dramatikarar. Foreininga har ca. 1200 medlemmer.