Det blir nå omkamp om vedtaket i Norsk Forfattersentrum som opnar for at også sakprosaforfattarar skal kunne bli medlemmer. Det var på årsmøtet 5. april at det vart vedtatt ei lovendring i paragraf 2 Medlemskap. Det har kome krav frå meir enn 5 % av medlemmene om uravstemming om lovendringa, da er styret i NF forplikta til å gjera det.
Avstemminga blir gjennomført frå ca 1. mai med frist på 14 dagar til å svara.
Les om vedtaket: Sakprosaforfattarar velkomne i Forfattersentrum
Sjå også kommentaren frå NBU-leiar på denne sida.