sara-bildeMáret Ánne Sara er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris frå det samiske språkområdet. Ho er nominert for boka «Ilmmiid gaskkas»  (Mellom verdener) frå 2013. På NBU-sida vil vi i tida framover presentere nominerte frå alle dei nordiske landa.

“Mellom verdener” er ein fantasiroman om to søsken som forsvinn frå menneskeverda. Ny tid finn styrke frå eldre tider og blir fletta saman. Lesarane får følgje søskenparet der dei kjempar i ei anna verd. flettes sammen. Foreldra søkjer etter barna sine, men leitinga fører ikkje fram, og alle trur det er ei kriminell handling som ligg bak. Barna møter vesen frå samisk mytologi og tradisjonell historieforteljing, vesen de må kjempe mot med nøklar dei har lært frå dei var barn. Mens deira eigne kjempar ein kamp mot miljøforureinsing som truar livsgrunnlaget deira, kjempar barna ein kamp mot vesena i ei parallellverd. Dei underjordiske, huldrene, utborane, sjamanens hjelparar og den klokaste kona ser og føler miljøforureinsinga sterkast.  Kva skal dei leva av når vatnet tørkar inn, graset ikkje lenger gror og alle skyene skiftar farge? Boka omhandlar eit tema som også omfattar det samiske livet, nådestøytet frå forureinsinga. Livet som reinsdyr er ikkje det same som for mange hundre år sidan, men heller ikkje samisk ungdom har det same livet som foreldra sine.  sara-bok

«Ilmmiid gaskkas» er Máret Ánne Sara si debutbok og første del av ei dramatisk og spennande fantasyforteljing. Máret Ánne Sara (fødd 1983) er forfattar, bildekunstnar, journalist og redaktør som har vakse opp i reindrifta og som nå bur i Kautokeino.