– Meir sentrale innkjøp gjer at det blir færre bøker på nynorsk i bokhandlane. Det seier forlagssjef i Skald Forlag, Simone Stibbe, til NRK/Sogn og Fjordane. Artikkelen viser det same problemet som NBU har tatt opp det siste året, at kjedeinnkjøpa fører til mindre utval i butikkane.
«Går du inn i ein bokhandel i nynorskfylket Sogn og Fjordane må du leite for å finne bøker på nynorsk. Turid Øyre Øygard på Norli Handelshuset i Førde har mange år bak seg i bokhandlarbransjen, og ho synest dette er for gale.
– Det er skamfullt. Men for å få endra på det er det fleire som må vere med og dra lasset. Vi prøver så godt vi kan, men eg meiner media må vere med og gjere folk kjende med dei nynorske bøkene.
I Sogn og Fjordane er det to forlag som i hovudsak gir ut bøker med nynorsk tekst, Skald Forlag i Leikanger og Selja Forlag i Førde. Simone Stibbe er forlagssjef i Skald, og ho er uroa over utviklinga.
– Dei fleste bokhandlane høyrer i dag til ei sentral kjede, og det gjer at kjedekontora bestemmer i stor grad kva som er tilgjengeleg i butikkane. Dei kjøper inn sentralt for alle sine butikkar, og andelen sentralt innkjøpte titlar har auka dei siste åra.
Og på Norli Handelshuset kan Turid Øyre Øygard stadfeste at kjedekontora avgjer det meste når det gjeld inntrykket kundane får når dei kjem inn i butikken.
– Det er mykje som kjem direkte frå kjeda. Det er dei bøkene som er mest omtalte og mest i skotet. Vi har ti på topp i alle sjangrar, og der er det ikkje lokale bøker. Kvar måndag morgon får vi beskjed frå Norli om korleis oppsettet skal endrast.»
Heile artikkelen kan du lesa på nrk.no/sognogfjordane