150 omsetjarar frå heile verda er denne veka (14.-16. mai) samla på Holmen Fjordhotell, på NORLAs internasjonale omsetjarkonferanse på 14.-16. mai. Aldri tidlegare har så mange omsetjarar av norsk litteratur vore samla på ein plass. Det skriv NORLA i ei pressemelding.
Utanriksminister Børge Brende vil offisielt opne konferansen onsdag 14. mai kl. 15.00. På programmet vil ein kunne høyre Trude Marstein snakke om stilistikk, professor i litteraturvitskap Per Thomas Andersen om viktige norske referanseverk og Ivo de Figueiredo, Trude Lorentzen og Nikolaj Frobenius om sjølvbiografi og andre fiksjonar, og svært mange andre. I alt deltek om lag 80 forfattarar og føredragshaldarar.
Fleire av omsetjarane vil snakke om konkrete omsetjarrelaterte tema, som korleis omsetje banning og korleis inlemme kulturspesifikk informasjon i ei skjønnlitterær omsetjing. Det vil vere moglegheit for å snakke med norske forfattarar og deira omsetjarar som til dømes Roy Jacobsen og Cristina Goméz Baggethun (spansk), Lars Mytting og dei tyske omsetjarane av Hel ved Frank Zuber og Günther Frauenlob, Åsne Seierstad og Paula Stevens (nederlandsk) og Stian Hole og Don Bartlett (engelsk).
På konferansen vil det òg vere verkstader der omsetjarane skal jobbe konkret med tekstar og der forfattarane sjølve vil vere til stades, som t.d. Hanne Ørstavik, Mikkel Bugge, Selma Lønning Aarø,
Hilde Hagerup, Atle Næss, Erika Fatland og Arne Lygre.
Norsk litteraturs suksess ute i verda er nært knytt til omsetjaranes viktige arbeid med å bringe bøkene
frå norsk til all verdas språk. Dei inviterte omsetjarane har alle bidratt til at norsk litteratur finst på meir enn 60 språk og at meir enn 3000 utgivingar av norske forfattarar er støtta av NORLA sidan 1978.
Den internasjonale konferansen er finansiert av Utanriksdepartementet, og har som mål å stimulere til auka interesse for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet gjennom å styrke kompetanse og status til omsetjarar i alle delar av verda. NORLA ønskjer å rekruttere nye omsetjarar i ulike land og styrke det faglege nettverket for omsetjarar.
Det er andre gongen NORLA arrangerer ein slik stor omsetjarkonferanse saman med Utanriks-departementet. Slik ønskjer NORLA å vise fram omsetjarar som heilt uunnverlege kulturberarar
og markere omsetjing som ein viktig profesjon.
NORLA har frå våren 2014 gleda av å tilby ei eiga mentorordning for omsetjarar av norsk litteratur. Mentorordninga skal vere ei støtte for å heve kompetansen blant omsetjarar.
I tillegg tilbyr no NORLA omsetjarar av norsk litteratur å søke opphald på ‘omsetjarhotell’ i Oslo hausten 2014. NORLA dekkjer då 2-vekers opphald på hotell Bondeheimen, reisekostnadar og eit reisestipend.