Resultatet av uravstemminga i Norsk Forfattersentrum viser at vel 75 % har stemt ja til lovparagrafen som årsmøtet vedtok. Fleire reagerte på vedtaket, og etter årsmøtet kom det krav om uravstemming. Det stod så mange bak kravet, at det måtte gjennomførast. Det vart kluss med stemmesetlane, reingjeringspersonell hadde sendt eit par av valurnene til søppelfyllinga. Derfor måtte to tredelar stemme på nytt, med frist til slutten av mai. Nå er altså resultatet klart.

Her er meldinga som Forfattersentrum har sendt ut:

«Oppteljinga av stemmene er i dag gjennomført av administrasjonen i samarbeid med dei to observatørane og rådgivarane, medlemmene Caterina Cattaneo og Espen Haavardsholm. Det kom inn 622 stemmesetlar, og resultatet viser at 75,65% av stemmene støttar lovendringa. To stemmesetlar er blanke.

På vegner av styret vil eg takka alle som stemte. Styret ser fram til å ta i bruk den nye lovparagrafen til beste for Norsk Forfattersentrum.

Vennleg helsing
Per Olav Kaldestad»

Lovendringa inneber at også sakprosaforfattarar kan bli medlemmer i Forfattarsentrum, til nå har det vore berre skjønnlitterære.

Les Sakprosaforfattarar velkomne i Forfattersentrum

Sjå også leiarkommentaren på NBU-sida: Et viktig vedtak