Eg har reist mykje rundt i skuleverket og fortalt om bokserien Svarte-Mathilda. Eg fortel om korleis boka blei til, viser nokre bilete og les frå boka. Men aller først fortel eg om vandrehistorier, eller urban legends, som det heiter på engelsk. Og korleis ideen til bøkene kom frå nettopp ei Bloody Mary-liknade vandrehistorie, der den spøkelsesliknande jenta Svarte-Mathilda kjem ut av speilet om du seier namnet hennar sju gonger. Alt dette gjer i eit mørkt rom, der berre eg og lerretet er opplyst. Dette lager ei ekstra skummel ramme rundt.

Eg har lese og fortalt om dette hovudsakleg til elevar på mellomtrinnet, altså klassetrinna 5-7. Av og til hender det at barna blir redde. Det har hendt at dei har sprunge grinande ut av rommet. Det har hendt at eg har fått klager frå rektor etterpå, at foreldra har tatt kontakt fordi ungane ikkje får sove. Den verste eg fekk var kanskje frå ei jente i Hordland. Storesystera hennar sendte med denne meldinga: 

«Jeg hører fra min lillesøster at du har skrevet noen bøker om Svarte Mathilda, hun er så redd at hun har flyttet inn på rommet til foreldrene og hun tør ikke å være på badet. Hun er redd Svarte Mathilda skal komme igjennom speilet å ta henne og at hun skal bli fristet til å si navnet hennes til speilet.»

Eg skal innrømme at den gjorde inntrykk. Dette var ei jente i sjetteklasse, der eg hadde vore på besøk på skulen hennar, og faktisk snakka litt med henne på førehand. Eg har jo ikkje lyst å skremme vetet av dei! Det er sjølvsagt plagsomt å gå med mareritt lenge etter noko slikt. 

Men samsundes så tenkjer eg at dei andre 99.99 % av ungane frydar seg og synest dette er spennande og dei kan ikkje få nok. Dei som elskar det mystiske, det spennande og det grufulle og som ikkje bryr seg om at dei får mareritt. Dei som rett etter mitt besøk spring på biblioteket og låner bøkene, eller aller helst; kjøper dei! For til sjuande og sist er det dette det dreier seg om: Eg vil få ungar til å lese bøker, aller helst mine bøker, sjølvsagt. Men samme det, berre dei les. 

The Slender Man var ikkje til stades då bilete blei tattDet har vore litt snakk om The Slender Man i det siste, og korleis denne oppdikta, skumle barnemordaren visstnok har inspirerte unge jenter til drapsforsøk. Det blir for lettvint. Då eg tok hovudfag i filmvitenskap på slutten av 1990-talet så forska eg på debatten kring filmsensur i Norge på nittitalet. Og det dukkar opp mediepanikkar med jamne mellomrom. Meir eller mindre seriøse samfunnsdebattantar som meiner mykje om både vald i litteratur, film og spel. Og som er heilt sikre på at dei som speler t.d. spel som Grand Theft Auto eller Call of Duty blir massemordarar i det verkelege liv. Var det slik at Sim City førte til ein boom av byplanlegging blant folk? Nei, sjølvsagt ikkje. Det blir ei litt for lettvint samanlikning. 

Mi erfaring etter å ha snakka med snart 15000 barn (10-12 år) om både vandrehistorier, spøkelser og dataspel, er at dei er særs flinke til å skilje mellom fiksjon og virkelighet. Sjølvsagt vil dette variere, og enkelte moralske voktarar vil aldri like at vald finst i fiksjonen. Men hovudtrenden er at barna skjønar forskjellen mykje tidlegare enn det mange trur. Eg meiner ikkje at vi skal ha eit fullstendig frislepp av alt for alle, men ei bevisstgjering rundt det faktum at det er mange faktorar som gjer eit menneske valdeleg. Eg spør ofte kva filmar dei ser og kva spel dei speler, og svara eg får er ofte noko slik: Fritt vilt, Død snø, Saw, The Walking Dead osv. Når det gjeld spel: Call of Duty, Grand Theft Auto og sjølvsagt; Minecraft. Hadde alle blitt påvirka av dette, så hadde norske skuleplassar sett veldig annleis ut.