I det nye nummeret i NBUs skriftserie skriv Maria Parr om heltar og heltinner frå barndommen. Parr debuterer her som essayist. Ein av dei første litterære heltane hennar var gjetarguten David (seinare konge) frå Bibelen, forfattaren skriv om sjokket over at han hadde vonde sider. Korleis kunne han svike? Litteraturen har heltar av mange slag – frå Espen Askeladd til Pippi Langstrømpe og Harry Potter.

Treng barna nokon å identifisere seg med som fiksar alt til slutt? Spelar det noka rolle om heltane er gutar eller jenter, om dei har magiske evner eller ikkje? Er det fantasylitteraturen som i dag fører vidare den klassiske helten når den realistiske litteraturen har antiheltar som går under? Sigbjørn Mostue har i dette nummeret skrive eit varmt forsvar for fantasylitteratuen, som har teke verda med storm, og der heltane like ofte er jenter som gutar.

Dobbelt kritikarprisvinnar og mykje heidra poet Øyvind Rimbereid har for første gong skrive poesi for unge. Diktet i BU1405 er ein sår kontrast til alt heltesnakk.

Heile femteutgåva av dette nummeret i skrifserien er illustrert av barnebokmeistaren Stian Hole.

Redaktørar for skriftserien e Helga G. Eriksen og Hilde K. Kvalvaag

Utgjevar: Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere

www.nbuforfattere.no