Ein av deltakarane i årets «Skal vi danse» sit i NBUs litterære råd. Kine Hellebust er forfattar, skodespelar og bildekunstnar, til hausten skal ho også svinge seg på parketten.

Til VG fortel Kine at ho takka ja til å delta før ho visste kva for program det var. Dessutan hadde ho aldri høyrt om programmet før, og aldri sett på det, for ho har ikkje TV.

– Jeg tuller ikke, jeg har faktisk aldri sett det. Men jeg er nysgjerrig og umiddelbar av natur, så derfor takket jeg ja til utfordringen.

Les heile VG-saka:

P.S. Til andre som ikkje veit kva «Skal vi danse» er: Det er eit danse-konkurranse-program på TV2 med kjendisar og profesjonelle dansarar.