Samlaget gjennomfører nå ei digital storsatsing. Dei er ute med den elektroniske bokhylla Samlaget Barnebøker, der folk kan laste ned heile 37 titlar. Og forlaget har fleire titlar på gang, snart kan du laste ned femti nynorske barnebøker for dei yngste frå den nye appen deira. Det skal stadig leggjast til titlar i løysinga.

– Vi har lenge snakka om at viss ikkje Samlaget laga appar, så kjem det ikkje til å finnast digitale barnebøker på nynorsk, seier seniorredaktør og prosjektleiar for den digitale storsatsinga, Ragnfrid Trohaug til Framtida.no.

«Samlaget har jobba målretta mot dette i lang tid, og ligg svært langt framme blant norske forlag med å gjere store delar av backlist-katalogen tilgjengeleg. Teknologien vi har utvikla med dei første appane Jakob og Neikob og Unni og Gunni, har no blitt tatt i bruk av alle dei store norske barnebokforlaga.  Å gjere den prisvinnande kvalitetslitteraturen vår tilgjengeleg i digitale kanalar er utruleg viktig for å rekruttere unge lesarar, og for å sikre at det finns nynorsk innhald for barn på nettet,» skriv forlaget sjølve i ei melding.

Variasjonen i den digitale bokhylla er stor. – Her er barnedikt, småbarnsbøker, peikebøker og prisvinnande bøker. Vi har alt frå klassikaren «Ein motig maur» av Tarjei Vesaas og Steffen Kverneland til «Mari og Magnus»-serien, som er det nynorske svaret på «Karsten og Petra», seier Trohaug til Framtida.no.

Samlaget Barnebøker er ei elektronisk bokhylle som du i første omgang kan gå inn på App Store og lasta ned – og etter kvart også på Google Play. Du får då opp bilete av den elektroniske bokhylla der dei digitaliserte bøkene står fint oppstilte klare til å bli lasta ned.

I tillegg har Samlaget ein eigen Leseland-app som du også finn i Appstore og Googleplay.  Alle Leseland-appane ligg også i Samlaget Barnebøker-appen.

Samlaget også med på ein  eigen distribusjon for digitale barnebøker, saman med Cappelen Damm, Gyldendal og Aschehoug. Tanum.no er først ut med å tilby desse berika e-bok+ -titlane, og har laga ei eiga digital bokhylle for barn med namnet Boksnuser. Med dette nye systemet vil du kunne laste ned bøkene på både iPad og android-brett,  og du vil kunne behalde bøkene i hylla sjølv om du skiftar nettbrett. Ein kvalitetsbokhandel for berika ebøker for barn gjer det lettare for foreldre og formidlarar å halde oversikten over det norske innhaldet som finns for barn.

Boksnuser krev at du registerer deg som brukar først (som du å gjere i Appstore og Googleplay):

Les meir om Samlaget Barnebøker på

Framtida.no: 

Nynorskbok:

Om distribusjonssamarbeidet med dei andre store forlaga:

NRK/Kultur: