Dei siste åra har eg jobba med fleire bokprosjekt parallelt. Bøkene om Svarte-Mathilda, Gamer, Soledad, En smak av Zommer og boka som kjem til hausten; Snatch, vart alle skrivne på same tida. Sjølvsagt litt fram og tilbake, men eg klarer ikkje å konsentrere meg om berre éin tekst om gongen.

Eg hadde eigentleg bestemt for å berre skrive éi bok no i haust. Men slik blir det nok ikkje. Eg har sagt ja til å skrive ein lettlest fantasyserie for barn, ein skitskummel grøssar for ungdom og ei forferdeleg dyster ungdomsbok om nær framtid. Men ikkje ein einaste oppfølgar i sikte – berre nye, ferske historier som eg gler meg til å byrje med. Og denne veka har eg byrja i ein ende, nemlig skitskummel grøssar for ungdom. Tenkjer at eg skriv eit førstutkast og lar det ligge mens eg hopper over på fantasyen for dei minste.

Og heile tida ligg dei store romanane og ventar på å bli ferdigskrivne.