Kva tenkte bokbransjen på i gamle dagar, det vil seie på 70-talet? Ei bok som hadde det heile og som varte i generasjonar? Det er eit like mislykka forretningskonsept som den raknefrie damestrømpen.

Dette er ei historie om kor mykje hjelp det går an å få i arbeidet med å halde ein kropp i stand innvendig og utvendig, med illustrerande og til dels forbløffande døme frå kroppslitteraturen.

Marta Norheim har ei gammal kokebok i bokhylla si der det både står korleis du skal koke fisk, bake brød og hermetisere plommer. No er det andre tider, skriv ho om her. (Foto: Martin Jahr/NRK)

Marta Norheim har ei gammal kokebok i bokhylla si der det både står korleis du skal koke fisk, bake brød og hermetisere plommer. No er det andre tider, skriv ho om segmenteringssyndromet. (Foto: Martin Jahr/NRK)

I bokhylla mi har eg ei gammal kokebok der det både står korleis du skal koke fisk, bake brød og hermetisere plommer. Bakerst i boka står det litt om kva for mat du kan lage til folk som lir av diverse sjukdommar og intoleransar.

Den ultimate lakriskokeboka
No er det andre tider. Kvart år kjem det eit berg av bøker med oppskrifter, ikkje berre på mat, men også på helse, kropp og tekstilar. Etter eit overflatedykk i dei nye forlagskatalogane vågar eg å påstå at segmenteringa når stadig nye høgder. For å starte i matfatet. Når eg no tek eit sveip gjennom kokebokhistoria etter minnet, er sjangeroppdelingar det første eg hugsar. Bakst i ei bok, kjøtrettar i ei anna. Så dukka det opp bøker med mat frå ulike land; Italia, Frankrike, etterkvart India og Thailand. Det norske kjøkenet vart kontinentalt, deretter globalt. Det viste seg at «Italiensk ostekake» som stod under bakverk i mors kokebok faktisk heitte «pizza» på originalspråket og etterkvart også på norsk. Fint å vite. Men no er vi langt forbi det.

Då eg tidlegare i år sa «hehe, lakriskokebok» til nokon kjenningar etter å ha oppdaga ei lakriskokebok for første gong, så fekk eg vite at lakris skulle ein ikkje kimse av. Nei eg kimsar ikkje av lakris, men ei heil bok?

Åh, så søt!
Søtsegmentet har ein eigen estetikk der det går i pastell og forkle som aldri har sett ein deigklatt. I år kan forlaga by på Søte gaver fra Idas kjøkken, Tone Orianis fristelser, Hele Norge baker, Kaker og andre søte saker, Helt enkelt baking, Det søte liv, United States of Cakes, titlar som byr seg fram på trygg avstand, ja mange sider unna dei sunne bøkene og slankebøkene. Damene som er utanpå kakebøkene treng uansett ikkje å slanke seg.

Påfallande mange kaker og søtsaker-bøker, når ein tenkjer på kor mykje slanking og kosthold som er på gang. Kanskje få folk til først å kjøpe kakebok og deretter slankebok?

Påfallande mange kaker og søtsaker-bøker, når ein tenkjer på kor mykje slanking og kosthold som er på gang. Kanskje få folk til først å kjøpe kakebok og deretter slankebok?

Boka Den velutstyrte mannen handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

DIY for dummies
Så har vi dei gåtefulle: Spis & Lag. Sjarmerende enkle oppskrifter og lekre DIY-prosjekter.

DIY? Forkortinga blir ikkje forklart i forlagspresentasjonen, men forfattaren kan by på «enkle prosjekter som får ditt kjøkken og hjem til å se enda mer fantastisk ut». Eg kjenner at formuleringar som «enda mer fantastisk» er ein smule stressande.

Er det nokon som har bestemt at alle kjøken bør vere fantastiske? Og er dette så innlysande at eit forlag kan ta det for gitt at eg har følgt opp denne regelen?

Eller kva med: Molekylær gastronomi for alle. Finst det mat som ikkje er samansett av molekylar? Boka Den velutstyrte mannen handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

"Den velutstyrte mannen" handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

«Den velutstyrte mannen» handlar naturlegvis om kjøkenutstyr stupid, men kanskje også om mat du kan lage etter å ha skaffa deg alt utstyret.

Distinksjonen mellom grøt og graut
Sjangrane er framleis med oss: I fjor fekk vi komler i begge målformer, i år kan du velje mellom Graut og Grøt. Dessutan kan du no få hjelp til å lage Verdens beste pizza (forsøket på å lansere namnet «Italiensk ostekake» på 60-talet var definitivt mislykka) og suppekokarane får sitt i boka Supper. Norske suppefavoritter til hverdag og fest. Og ja, det er fleire kvardagsbøker og barnematbøker, dessutan kjendiskokebøker der både Jamie og Tina og Viestad og Bølgen og Moi og kokeboknykomlingen Anne-Kat Hærland er representert, og jammen er 90 årsjubilanten Ingrid Espelid Hovig heidra med ei kokebok med 90 oppskrifter, noko ho neppe har bruk for etter alle desse åra med koking på TV-skjerm og i bokform. Det er øl og mat, vin og mat, julemat og fotballmat, og med den siste er vi over på den sunne maten. Det er då det blir alvor.

12, 5:2 + – 8= slank
Her er bøker for dei som trenar og for dei som vil bli slanke, av typen «12 uker til et sunnere liv og en smalere midje», «HIT-metoden», «5:2-diettens kokebok», «Sunt og godt norsk», «Maks fettforbrenning på 8 uker», vidare «Tren smartere» og «Smart mamma» begge med råd om «trening, kosthold og livsstil». Det er to bøker om juice å velje mellom: «Bare juice det» og «Juicy familie». Dei har ikkje vore heilt heldige med ordspela i juice-segmentet i år.

Og så har vi bøkene for deg som vil ha sixpack i ein fei, eller som vil bli god til noko: Maraton. For deg som vil løpe helmaraton eller halvmaraton, Paolos treningsbibel, Best i håndball, Styrketrening. En anatomisk guide. For ikkje å gløyme innføringa i babygym.

Cupcakes og muffinsmagar
Blei det i overkant mange titlar her, synst du? Så vit at mange gode titlar er silt bort, og dei fyldige backlistene er ikkje nemnt i det heile. Men sidan det er snakk om kvantitet her, nyttar det ikkje å berre slå rundt seg med luftige påstandar.

Det er cupcakes og muffinsmagar og sixpack og ølbrygging og utstyr og styling og supper og lakris og segmenteringa sluttar ikkje her: For dei som også er opptekne av kva dei skal kle denne stakkars kroppen med, korleis ein best kan framheve six-packen, alternativt skjule muffinsmagen, finst det eit vell av strikkebøker, sybøker og heklebøker: det er ei bok for alt under sola, ei bok for tøflar og ei for sokkar, det er ei bok for luer og ei mengd bøker for baby, og om vi fjernar oss litt frå kroppen, får vi den muntre oppfordringa: Lag favorittfigurene fra Barne-TV, dessutan tilbod om å lære Raske sting, enkle broderier. Eg trudde elles at noko av poenget med broderi var at det skulle ta lang tid.

I fjor fekk vi komler i begge målformer, i år kan du velje mellom "Graut" og "Grøt".

I fjor fekk vi komler i begge målformer, i år kan du velje mellom «Graut» og «Grøt».

Frå tøffelbok til sokkebok
Kjære lesar. Alt eg veit om desse bøkene, har eg frå forlagskatalogane. Eg har ikkje lese ei av dei enno, og kvar einaste heklebok og kokebok og juicebok kan vere aldeles strålande, isolert sett.

Og eg forstår jo at viss du strikkar deg gjennom ei tøflebok så får du kanskje lyst til å gå over til sokkar etter ei viss tid. Så ballar det på seg med luer og favorittfigurar frå Barne-TV. Logikken er enkel: det blir selt fleire bøker på denne måten enn om ein køyrte etter den gamaldagse varianten der handarbeid er handarbeid, mat er mat og kroppen fekk vere i fred til han vart sjuk. Slik er det på tilbodssida, og på den andre sida må det finnast ein marknad for kvar og ei av desse bøkene, det må vere nokon som ser at nett denne boka er det eg treng for å kome på høgden. Alternativt, at denne nok vil skape glede eller dårleg samvet hjå storesøster når ho pakkar opp presangen på julaftan.

Alt du lurer på om biceps som du ikkje tør å spørje om
Her passar forlagas ønske om å finne stadig nye vriar som hand i hanske til ei av vår tids store diller, nemleg hangen til det individuelle, det skreddarsydde, det eksklusive og – det ekskluderande. Vi signaliserer kven vi er gjennom maten, kroppen, treninga, antrekket, aktivitetane og det fantastiske kjøkenet. Spørsmålet om kvifor vi gjer det, sprengjer denne drodlinga over segmenteringssyndromet, men spørsmålet det likevel går an å stille, er:

Kva skjer om 10 år? Vil vi få boktitlar som Alt du lurer på om biceps som du ikkje tør å spørje om, Mine beste gulrotoppskrifter og Eplejuice på 100 nye måtar? Personleg føler eg sterkt for titlar som Kokebok og Strikkebok. Men det er naturlegvis døden for forlaga og direkte tragisk som identitetsmarkør.