Kulturminister Thorhild Widvey legg fram statsbudsjettet

Kulturminister Thorhild Widvey legg fram statsbudsjettet

Regjeringa vil trappe kraftig opp støtte til folkebibliotek, og foreslår ein auke på 20 millionar. Løyvinga blir forvalta av Nasjonalbiblioteket.

Kulturdepartementet foreslår ei omlegging av postane som blir forvalta av Norsk Kulturråd. Tilskota til kulturtiltak gjennom Norsk Kulturfond skal samlast under ein post (post 55), post 74 Kulturrådet blir avvikla frå 2015.

Det var to av punkta i framlegget til kulturbudsjettet for 2015, som kulturminister Thorhild Widvey la fram onsdag.

Regjeringa aukar løyvinga på kulturbudsjettet til 12,5 milliardar kroner, dette er ein auke på 262 millionar kroner frå 2014.

Endringa av tippenøkkelen blir fullført, 64 % av overskotet til Norsk Tipping frå 2015 skal gå til idrettsformål. 18 % til kulturformål og 18 % til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Det betyr 332 millionar meir til idrett, tilsvarande er auken til kulturformål 122 millionar kroner.

Det skal satsast regionalt, og det gåverforskerkingsordninga (meir privat finansiering og meir private pengar i norsk kulturliv) som vart innført i fjor, skal vidareførast og styrkast.

Same kutt i Kulturfondet som i fjor

Når det gjeld enkeltpostar, vart det i budsjettet for 2014 kutta ti millionar i Kulturfondets budsjett til litteraturformål. I budsjettet for 2015 er det ein auke i denne budsjettposten, men samtidig er det fleire tiltak som er flytta frå Kulturfondet til andre postar. DnF har rekna på tala og kome fram til at kuttet frå i fjor blir halde oppe i år også.

Les saka på DnF si nettside:

Kulturrådet er godt tilfredse med budsjettet og samlinga av postar:

«Regjeringens forslag til statsbudsjettet for 2015 ble lagt fram i dag. Større fleksibilitet, økning til Kulturfondet, 24 nye kunstnerstipend og mer til Fond for lyd og bilde er foreslått.

– Det er et offensivt budsjett for det frie kunst- og kulturfeltet som ble lagt fram i dag. Forenkling, større handlingsrom og en økning på det visuelle kunstområdet er viktige satsinger som vi også har ønsket selv. Kulturrådet gis større fleksibilitet enn tidligere, og vi merker oss flere forslag til endringer i tråd med gjennomgangen av Kulturrådet, sier direktør Anne Aasheim.

I forslaget til statsbudsjett foreslås en samlet økning på 172,9 millioner kr til Kulturfondet, en økning på 30 prosent fra i fjor. Økningen kommer først og fremst av at flere kunst- og kulturtiltak på post 74 inkluderes i Kulturfondet. I tillegg gis visuell kunst og kulturvern en økning. 24 nye stipendier er foreslått til Statens kunstnerstipend og det er varslet en gjennomgang av kunstnerstipendene i samarbeid med kunstnerorganisasjonene. Fond for lyd og bilde foreslås økt med 4 millioner kroner.  Tilskudd til museums- og arkivformål skal finansieres av Tippemidler med en ramme på 30,2 millioner kroner.»

Les heile saka på nettsida til Kulturrådet: Prioritering av det frie feltet i 2015

Her er også statens kunstnarstipend nemnt. I fjor kom regjeringa med eit skremmeskot, ved  å foreslå å stryka fleire stipend. Det var retta opp att.  Dette meiner leiar i Statens Kunstnarstipend om forslaget om tildeling for 2015:

«Leder for Statens kunstnerstipend, Alfhild Skaardal, mener at regjeringens forslag til budsjett for 2015 er positivt for kunstnerpolitikken og trekker særlig fram 24 nye arbeidsstipend, regulering av prisvekst, 31 nye langvarige hjemler samt en mindre økning av diversestipendiene.

– Statens kunstnerstipend er svært glad for at det i denne omgang ikke blir endringer i forvaltingen av kunstnerstipendiene, slik det ble tatt til orde for i den nylig avleverte gjennomgangen av Kulturrådet. I stedet vil regjeringen foreta en bred gjennomgang og dette vil skje i samarbeid med kunstnerorganisasjonene, sier Alfhild Skaardal.»

Meir om kunstnarstipenda også i artikkelen frå Kulturrådet.

Her er punkta om bibliotek Kulturfondet/Kulturrådet i forslaget til statsbudsjett:

Bibliotek

I budsjettframlegget for 2015 foreslår regjeringa ei kraftig opptrapping i støtta til å utvikle folkebiblioteka. Løyvinga blir forvalta av Nasjonalbiblioteket, og blir for 2015 foreslått auka med 20 millionar kroner til 48,5 millionar kroner.

– Det er folkebiblioteka som er dei viktigaste litteraturhusa våre, og det er viktig for regjeringa å bruke pengar på utviklingstiltak via Nasjonalbiblioteket. Biblioteka er våre mest brukte kulturinstitusjonar, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Norsk Kulturråd – forenkling og opprydding

Kulturdepartementet foreslår å rydde opp  i forvaltinga og finansieringa av tilskot til kulturtiltak. Dette vil leggje til rette for ei meir heilskapleg og dynamisk forvalting av tilskot til kulturlivet. Mellom anna foreslår regjeringa å samle løyvingane til Norsk kulturfond under ein post (Post 55) og at Kapittel 320 post 74 blir avvikla frå 2015.

Her er heile pressemeldinga frå Kulturdepartementet:

Regjeringa sin kulturpolitikk skal leggje til rette for eit kulturliv som veks ut frå lokalt engasjement, prega av mangfald, fridom og integritet. Difor satsar regjeringa på ei bevisst spreiing av løyvingar ut i heile landet og å gå gjennom ordningar for å sikre at mest mogeleg av pengane blir brukt på å lage kunst og kultur, og minst mogeleg til unødig byråkrati og administrasjon.

I framlegget til kulturbudsjett aukar regjeringa løyvinga til 12,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 262 millionar kroner frå 2014. I tillegg får spelemidla til kultur-, idrett og frivillig sektor i 2015 ein auke på 473 millionar kroner, hovudsakleg grunna endring av tippenøkkelen.

Hovudsatsingar

Endring av tippenøkkel blir fullført – meir til idrett og kultur

Regjeringa fullfører opptrappinga av ny tippenøkkel, noko som inneber at 64 prosent av overskotet til Norsk Tipping frå 2015 skal gå til idrettsformål. 18 prosent skal gå til kulturformål og 18 prosent til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Dette inneber at 332 millionar kroner meir skal gå til idrett i 2015 enn i 2014. Tilsvarande er auken til kulturformål 122 millionar kroner. Ordninga der delar av tippemidlane går inn i statskassa på budsjettets inntektsside, vert foreslått fjerna.

– Vi fullfører endringa i Tippenøkkelen slik at meir går til idrett og kultur.

Det er viktig å gje idretten føreseielege rammer. Vi foreslår også å auke  tilskotet til momskompensasjon til idrettsanlegg med nesten 17 millionar kroner i forhold til i 2014, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Talentutvikling

For å fremje utviklinga av nye norske kunstnarar ønskjer regjeringa ei meir målretta satsing på talentutvikling og internasjonal profesjonalisering av unge talent, og startar ein omfattande satsing på dette feltet. Regjeringa foreslår å bruke 30 millionar kroner til dette i 2015. Målgruppa for satsinga er enkeltpersonar og grupper med føresetnader for ei lang karriere innan kunst og kultur på høgt internasjonalt nivå.

Regional satsing

Regjeringa ønskjer å styrkje det regionale kulturlivet over heile landet. Ho foreslår difor å styrkje viktige institusjonar lokalt og regionalt for å sikre at kulturen blir bygd med ei lokal forankring. Regjeringa ønskjer å satse på programmerande scener, museum, det frie feltet og musikk.

-Å styrkje kultur- og kunstinstitusjonar regionalt skal medverke til maktspreiing og sikre eit profesjonelt kulturliv av høg kvalitet i alle regionane i landet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Bibliotek

I budsjettframlegget for 2015 foreslår regjeringa ei kraftig opptrapping i støtta til å utvikle folkebiblioteka. Løyvinga blir forvalta av Nasjonalbiblioteket, og blir for 2015 foreslått auka med 20 millionar kroner til 48,5 millionar kroner.

– Det er folkebiblioteka som er dei viktigaste litteraturhusa våre, og det er viktig for regjeringa å bruke pengar på utviklingstiltak via Nasjonalbiblioteket. Biblioteka er våre mest brukte kulturinstitusjonar, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Gåveforsterking og skatteinsentiv

Regjeringa ønskjer meir privat finansiering og meir private pengar i norsk kulturliv. Fleire finansieringskjelder sikrar maktspreiing og vil gjere kulturlivet sterkare og meir uavhengig.

– Gåveforsterkingsordninga som vi innførte i 2014, har vore ein stor suksess som var brukt opp allereie etter åtte månader. Difor foreslår vi å styrkje og vidareutvikle ordninga neste år. Vi ønskjer å tredoble ordninga til 30,3 millionar kroner, med 20 millionar kroner. Dette vil kunne utløyse gåver for 150 millionar kroner til norsk kulturliv, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Regjeringa ønskjer også å stimulere til større økonomisk deltaking frå næringslivet i kulturlivet. Saman med Finansdepartementet vil Kulturdepartementet vurdere ulike skatteinsentiv og gåveforsterkingsordningar som kan utløyse meir privat kapital i kulturlivet.

Plattformnøytral merverdiavgift på aviser

Det er eit mål for regjeringa å modernisere det mediepolitiske verkemiddelapparatet. Det er eit ønske å få til mest mogleg likebehandling av media, uavhengig av teknologisk plattform. Regjeringa har difor avgjort at det skal setjast i gang ein prosess med sikte på å notifisere ein felles låg meirverdiavgiftssats på 8 prosent for papiraviser og elektroniske aviser til EFTAs overvakingsorgan (ESA).

– Ei omlegging til ein felles låg momssats krev overgangsordningar for media. Difor ønskjer vi å innføre ei overgangsordning for papiravisene på 5 år. Vi vil i prosessen med ESA vurdere nærare korleis vi skal definere  e-aviser og korleis overgangsordninga for papiravisene skal vere, seier Widvey.

Frivillig verksemd – gratis innmelding i Frivilligregisteret i 2015

Regjeringa er opptatt av eigenarten og den sjølvstendige verdien til det frivillige arbeidet, og vil bidra til at samarbeidet med offentlege styresmakter er føreseieleg. For 2015 foreslår regjeringa å fjerne innmeldingsavgifta i Frivilligregisteret.

– For dei små frivillige organisasjonane vil fjerning av innmeldingsgebyret truleg føre til at fleire melder seg inn. Dermed får dei tilgang til grasrotandelen og momskompensasjon. Samla utgjer dette ei innsparing for organisasjonane på 2 millionar kroner. Samstundes foreslår vi å auke løyvinga til frivilligsentralar med 6,9 millionar kroner til 125,4 millionar kroner.

Regjeringa vil i 2015 vedta ei intensjonserklæring om samspelet med frivillig sektor. Det skal forenkle samhandlinga med frivillig sektor. I tillegg til å fullføre nye tekniske løysingar for Frivilligregisteret vil regjeringa òg gjennomføre ei heilskapeleg kartlegging av statlege tilskot til frivillige organisasjonar som grunnlag for ytterlegare forenkling og samordning.

Momskompensasjonsordninga nådde målet om 1,2 milliardar kroner i 2014. For 2015 foreslår regjeringa at ordninga blir auka med 39,6 millionar kroner til 1,24 milliardar kroner. Ordninga skal kompensere for kostnader frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift.

Norsk Kulturråd – forenkling og opprydding

Kulturdepartementet foreslår å rydde opp  i forvaltinga og finansieringa av tilskot til kulturtiltak. Dette vil leggje til rette for ei meir heilskapleg og dynamisk forvalting av tilskot til kulturlivet. Mellom anna foreslår regjeringa å samle løyvingane til Norsk kulturfond under ein post (Post 55) og at Kapittel 320 post 74 blir avvikla frå 2015.

Musikk

I budsjettforslaget for 2015 er den samla løyvinga til musikk over 1,1 milliardar kroner.

Løyvinga til ei rekkje orkester blir auka med til saman 24,5 millionar kroner for å styrkje produksjon, formidling og etterspurnad av musikk. Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til Fond for lyd og bilde med 4 millionar kroner for å styrkje breidda av finansieringskjelder for det frie feltet.

Tilskotet til rehabilitering av Grieghallen blir auka med 2 millionar kroner. Beløpet er statens del av rehabiliteringskostnadene i Grieghallen i 2015, og skal dekke auka husleige for Bergen Filharmoniske orkester, Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera.

Tilskot til korfeltet blir auka med nær 10 millionar kroner til ei heilskapeleg korsatsing frå breidde til topp. I tillegg til auka løyvingar til Norsk solistkor og Edvard Grieg kor foreslår regjeringa auka aktivitetsmidlar til kor med ei særskilt løyving til kor på særleg høgt nivå. Regjeringa styrkjer òg Krafttak for sang for å byggje opp under innsatsen for songkultur og songglede landet rundt.

 

Visuell kunst

I budsjettforslaget for 2015 er den samla løyvinga til visuell kunst på 477 millionar kroner.

Den største satsinga innanfor visuell kunst er nybygget for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design på Vestbanen. Arbeidet starta opp for fullt våren 2014. I budsjettforslaget for 2015 vert det foreslått ei kostnadsramme på 555 millionar kroner for brukarutstyr i nybygget. Av desse blir det foreslått å løyve 15 millionar kroner til detaljprosjektering av brukarutstyrsprosjektet i 2015. Både byggjeprosjektet og brukarutstyret vert finansiert over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa foreslår òg statleg tilsegn på 605 millionar kroner til det planlagde nybygget for Munch-museet i Oslo. Det vert lagt opp til å innfri denne tilsegna med løyvingar over seks år med første løyving i statsbudsjettet for 2017. (Sjå eiga pressemelding.)

Til området visuell kunst foreslår ein vidare ein auke på 16,5 millionar kroner fordelt på ulike tiltak. Norsk kulturfond får ein auke på 8 millionar kroner til styrking av arrangørar i det visuelle kunstfeltet, slik at det i 2015 vil vere råd å etablere ei ny ordning med arrangørstøtte for visuell kunst, forvalta av Norsk kulturråd. Det blir òg foreslått å opprette ei ny ordning for utanlandssatsing hos kunstgalleri. Ordninga skal bli forvalta av OCA og er i 2015 på 3 millionar kroner. Regjeringa ønskjer å styrkje prøveordninga med honorar til visuelle kunstnarar med 2 millionar kroner, og foreslår auka løyvingar til Nordnorsk kunstmuseum for å opne ei ny avdeling på Svalbard.

Auke til ei rekkje scenekunstinstitusjonar

I budsjettforslaget for 2015 er den samla løyvinga til scenekunst over 2 milliardar kroner. Tilskotet til ei rekkje scenekunstinstitusjonar rundt om i landet er foreslått auka for å styrkje produksjon, formidling og etterspurnad av scenekunst. Dette gjeld særskilt Brageteateret, Carte Blanche, Rogaland Teater, Teater Innlandet, Opera Nordfjord, Opera Trøndelag, Teater Manu, og Figurteateret i Nordland.  For å sikre produksjon og vining av frittståande, prosjektbasert norsk og internasjonal scenekunst er dei programmerande scenane styrkte, jf pressemelding om det frie feltet.

 

Mest mogeleg kultur – minst mogeleg administrasjon og byråkrati

– Vi vil ha ein kulturpolitikk som verkar. Eg vil vere sikker på at så lite som råd av pengane går til administrasjon og at så mykje som råd går til kulturopplevingar. Dette budsjettet er første steget på vegen dit. Vi tar ein del strukturelle grep fordi vi ønskjer å få meir pengar ut i landet for å sikre maktspreiing. Vi vil òg ha inn meir privat kapital, og etablerer ei ny satsing på talentutvikling. Vi utvidar òg ordninga med gåveforsterking.

Regjeringa si reform for effektivisering og avbyråkratisering gjeld sjølvsagt òg på kulturfeltet.

På Kulturdepartementet sitt felt er alle budsjettpostar og tilskotspostar gått gjennom for å leggje til rette for forenkling og god og effektiv pengebruk.