Helga-Gunerius--EriksenBarneteaterstykket Magnet av Helga Eriksen blir for tida spelt på Hordaland Teater, og det går der fram til 9. november. Stykket er ein resultat av arbeidet til Helga da ho tok scenekunstutdanninga i regi av NBU, NBI og Dramatikkens hus for eit par år sidan. Stykket er ein samarbeidsproduksjon mellom Hordaland Teater og Cellista Productions, og det blir vist på VilVite.

Magnet handlar om den indre reisa ein gut gjer for å forstå sitt eige liv på jorda. Han spør dei spørsmåla barn framleis spør medan dei vaksne har det for travelt med kvardagen til å undre seg over verdsrommet, tyngdekrafta, magnetkreftene inni jorda og livets gang i plante- og dyreriket. Naturen har ulike krefter som bryt ned og bygger opp, slik tilhøva mellom menneske også kan endre seg. Bestefar er ein klok ven, men kor lenge får guten ha han? Og kva hender når han får ei ny veslesøster?

 – Kva slags stykke er dette?

– Oppdraget var å lage eit stykke saman med komponist og instruktør, scenograf og lysmeister, der alle elementa skulle vere likeverdige, fortel Helga.

–  Det skulle dessutan passe for skulesekken og VilVite i Bergen, ein senter for formidling av realfag. Endeleg fekk eg bruk for naturfaglinja frå gymnaset og alt eg hadde lært på dramatikarutdanninga. Det vart eit musikalsk realfagteater med eit eksistensielt innhald, mykje rørsle og spektakulær lysdesign og scenografi.

Helga kom i kontakt med Hordaland Teater da ho tok scenekunstutdanninga.

–  Det var utdanningsleiaren vår, Ragnhild Mærli, som sendte dei til meg då dei trong ein bergensbasert nynorsking som kunne skrive for barn. Før det hadde eg ikkje mykje erfaring, men BIT – Bergen Internasjonale Teater – engasjerte meg ein gong til å lage nokre små teatertablå/perfomancer som eg gjorde saman med bildekunstnarar.

Eg laga også ein førestilling for ungdom saman med Ragnar Hovland og ei lita gruppe skodespelarar, oppført i Bergen og Stavanger, men det var ikkje med tekstar skrivne for scenen, trur eg. I alle fall visste eg ikkje skilnaden den gongen.

 – Kva var den viktigaste lærdommen du hadde med deg frå kurset?

– Det er stor skilnad på å skrive for scene og å skrive ein roman til dømes. Kanskje er bildebok den sjangeren som ligg nærast. Eg lærte mykje om kor lite eg veit om teater, det har aldri interessert meg noko særleg før no.

– Korleis har samarbeidet med teatret vore?

– Det har vore fantastisk lærerikt og interessant å samarbeide med så profesjonelle folk. Det starta med ein workshop finansiert av Det Åpne Teater, ei kaotisk og kreativ veke der vi mellom anna gjorde mykje research på magnetkrefter. Alt frå teknikarar til instruktør, musikarar, scenograf, lys- og lyddesignarar, skodespelar og dramatikar var saman ei veke, og mykje av idemyldringa der er teke vare på i oppsettinga. Sjølv sat eg att med ein einaste setning: Eg er her på denne planeten (og her har eg halde meg sidan).

 – Var det tidleg klart at teatret ville ha stykket du jobba med?MAGNET_A4_REINT

–  Eg fekk ikkje kontrakt med det same, men eg heldt fram med prosessen saman med teateret, og ingen sa noko om kva det kom til å resultere i. Hordaland teater måtte også vente lenge på at VilVite skulle bestemme seg. Men eg fekk honorar for workshopveka, og tenkte at eg uansett kom til å lære noko av å halde fram.

 –  Korleis var prosessen fram mot ferdig framsyning?

–  Manusmøte med dramaturg/instruktør Trond Birkedal og komponist/cellist Eline Sundal gjennom året endra teksten mange gonger, men eg tviheldt på min eksistensielle ide og min måte å tenke om verda og skrive setningar på. Eg måtte også skrive songtekstar for første gong!

–  Korleis har responsen vore?

–  Dette er allalderteater både vaksne og barn har utbytte av, får eg inntrykk av. Det var to kritikkar, den eine i Periskop og den andre i BA, begge positive. Førehandsomtalane i Barn i Byen og Frontlosjen, to nettstader, var også veldig fine. Teateret og Vilvite inviterer publikum til respons på nett, men eg veit ikkje noko om resultatet av det. Folka på VilVite var i alle fall overbegeistra, dei hadde vore litt uroa for korleis kunst og realfag kunne kome overeins.

–  Blir det meir dramatikk frå deg?

–  Eg vil gjerne skrive meir for teater, men nålauga er trongt, særleg når det gjeld barneførestillingar. Våre verdskjende forgjengarar er gjengangarar på dei store scenene som må vere sikre på å få stort besøkstal, men kanskje vert fleire scenetepper dregne til side i framtida. Det var i alle fall kjekt å prøve! No held eg på med eit stykke for vaksne – kanskje går det rett i arkivet…

 Sjå speleplan:

Sjå omtale i Periskop: