rydlandKorleis stiller forfattarar seg til kritikk? Påverkar kritikken humøret og skrivelysta? Eller ventar ein fånyttes på at boka skal bli meldt?

Med hausten følgjer mange boklanseringar, og i kjølvatnet av det bokmeldingar av ymse slag. Vi har spurt fleire NBU-forfattarar korleis dei opplever bokkritikken. I dag avsluttar vi serien med: Asbjørn Rydland.

–  Les du grundig alle kritikkar av bøkene dine?

–  Ja, og som regel fleire gongar. God kritikk er sjølvsagt bra for sjølvtillita, men det kan vera mykje å henta i dårlegare meldingar òg.

– Ventar du spent på bokmeldingane etter ei utgjeving?

–  Heilt klart. Særleg dei første par vekene etter at ei ny bok er ute, går eg ofte og ventar. Spenninga dabbar av etter kvart, enten det kjem mange eller ingen, men det er alltid gøy når nokon har tatt seg tid til å skriva ned kva dei meiner om arbeidet ditt.rydlandbok2

–  Kor mykje bryr du deg?

–  Ei bokmelding er ofte den første stadfestinga av at boka er der ute i verda og faktisk blir lest, så det betyr ein del. Eg blir glad av gode meldingar og irritert av dårlege, så eg kan vel ikkje påstå at eg er upåverka av dei, akkurat.

– Synest du at du har noko å lære av kritikkar?

–  Av og til. Kritikk er ofte ein peikepinn på om eg har fått til det eg prøvde på, om dei har skjønt greia med boka. Viss meldaren har det, er eg sjølvsagt godt fornøgd, og viss ikkje tar eg med meg det vidare til neste prosjekt. Viss eit poeng i historia ikkje kjem tydeleg nok fram, legg eg meir arbeid i å få til noko liknande ein annan gong. Og så hender det jo at ein lesar har sett andre poeng og bodskap enn eg sjølv har lagt vekt på, så då tar eg jo med meg det òg.

– Påverkar kritikken (positiv eller negativ) humøret og skrivelysta?

–  Ikkje eigentleg. Kritikken heng på ein måte saman med eit skriveprosjekt som allereie er avslutta, og har lite å seia for det eg arbeider med når eg les han.

– I valet mellom ingen kritikk eller negativ kritikk – kva vel du?

–  Er det no eg skal seia at eg ikkje har fått så mykje negativ kritikk? 😉 Eg veit ikkje. Eg trur eg heller mot ingen.

– Kor viktig er kritikken for det vidare livet til boka? Sal, etterspørsel, oppdrag?

–  Gode meldingar som når ut til mange potensielle lesarar, er heilt klart viktige for sal og etterspørsel. Om det påverkar andre oppdrag noko særleg, er eg mindre sikker på. Dei som gir slike oppdrag, treng jo ofte ikkje ei bokmelding for å kjenna til boka, men det skader jo ikkje.

– Har forholdet ditt til bokmeldingar forandra seg med talet på utgjevingar?

–  Eg har nok blitt litt mindre opptatt av dei, trur eg, kanskje mest fordi eg fekk mange fleire meldingar på debutboka enn eg har fått på dei andre eg har skrive. Hadde eg gått rundt og rekna med å få like mange no som då, hadde eg nok blitt ganske skuffa.

– Ungdomsbøker får kritikk av ungdommar på nettsida Ubokprisen, er du ofte der og sjekkar kva dei skriv?

–  ‘Ofte’ er vel å overdriva. Men eg kikkar innom no og då.

– Er omtalen frå ungdommar like viktig som den frå meir etablerte kritikarar?

–  Det kjem an på ungdommane. Nokre meldingar får ein inntrykk av at er skrivne som lekse, der meldaren ikkje eigentleg har noko særleg å melda. Dei er ikkje så interessante, men det finst òg ein haug med engasjerte lesarar der ute som har mange sterke meiningar om bøker, og dei meldingane er det gøy å lesa.

rydlandbok3–  Kan du anslå kor mange meldingar den siste boka di fekk i media?

–  Dersom du meiner tradisjonelle media som aviser og radio, er svaret enkelt: Null. Ymse nettstader og enkeltpersonar har vore meir interesserte, heldigvis.

Les også:

Om bokkritikk: Per Knutsen

Om bokkritikk: Kjersti Scheen

Om bokkritikk: Lars Mæhle

Om bokkritikk: Kari Sverdrup

Om bokkritikk: Mari Kjetun

Om bokkritikk: Pål Gerhard Olsen

Om bokkritikk: Linn T. Sunne

Om bokkritikk: Mari Moen Holsve

Om bokkritikk: Mahmona Khan: