mette k– Eg skriv for ungar fordi eg utfordrar meg sjølv. Det å skrive for barn og ungdom er vanskeleg, og viktig. Det seier Mette Karlsvik, som er ei av dei ni forfattarane som nyleg vart votert inn i NBU.

Mette har skrive fleire bøker for vaksne etter at ho debuterte med «Vindauga i matsalen» i 2005. Den første barneboka kom i 2009, «1-2-TRE».

–  Eg har gitt ut to bøker for barn, og jobbar for tida med mitt andre bidrag til tekstsamlingar for ungar. Den første romanen min er sett på ei øy utanfor Kristiansund, og handlar ein del om å ta vare på og bli tatt vare på. Det handlar litt om store ting, som klima, og litt om nære ting, som omsynssvikt. Andreboka mi, Dyrebar er ei samling tekstar om ei jente og ein hjort, og litt om ei mus. Boka kom til fordi forlagsredaktør i Magikon, Svein Størksen, sette meg i kontakt med ein flink illustratør. Han tenkte at vi kanskje kunne finne på sprell ilag. Det gjorde vi.  Teksten som eg skriv no er for Skald Forlags Fantasiboka. Den handlar om ein Talggut på botnen av Talgsjøen.3)      Kvifor ville du bli forfattar?

–  Kvifor ville du bli forfattar? 

–  Mot slutten av utdanninga mi som biletkunstnar, jobba eg meir og meir konseptuelt, idébasert og med historisk-filosofisk material som grunnlag. Eg tydde oftare til tekst som material. Samstundes vart eg interessert i bokobjektet som kunstverk. Alle piler peikte mot det å lage bøker. Eg følgde pilene.

–  Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?mette-bok

–  Eg vil prøve å lage gode kunstverk.

–  Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

–  Aller best likar eg å stelle med parsellhagen, å sykle i Oslomarka, symje, løyse kryssord, og invitere venner og familie til måltid og kos.

–  Kva forventningar har du til NBU?

– Eg har gitt ut bøker for vaksne sidan 2005, og kjenner ein del folk i litteraturmiljøet i Noreg. Fleire av dei skriv for både vaksne og barn. Av desse seier mange at NBU er ein umåteleg triveleg forening; at vel har Dramatikerforbundet dei mest dramatiske festane. Men hos NBU er det mest varme, latter, trivsel, har eg høyrt.