Årets julebok er God dag, herr Jul av Laura Djupvik. Her møter vi Malin som kan vere omlag 9 år gamal, veslesøstera Molla som er 7 og mor deira. Dei har nettopp flytta avdi mor og far har skilt lag. Det er like før jul, mor har dårleg råd og er heller ikkje så motivert for julefeiring, så kva slags jul skal no dette bli? Jentene saknar faren så førjulstemninga er alt anna enn god.

Men heldigvis har dei moras onkel, Thor, som har vore emissær og sjømann. Han er ein varm person med eit stort hjarte, og har laga si eiga tolking av juleevangliet, som barna fabulerar vidare på, på sitt vis.

Med i handlinga er og naboguten Henrik, som mogleg har Aspergers syndrom, i kvert fall er han ”verkeleg original” for å seie det med mor til jentene. ”Eg er best i små dosar” seier han sjølv.

Næraste naboen er ein gamal mann, Jørgen. I huset hans skjer det mystiske ting. Bur det ei heks der? Takka vere Henrik, som ikkje har hemmingar slik som andre, finn dei ut av dette mysteriet. Kva dette er skal eg sjølvsagt ikkje røpe her, anna enn at det er ein familietragedie som blir avdekka.

Eit anna mysterium er alle dei juletra som berre dukkar opp attmed ved huset til Jørgen. Kor kjem dei i frå? Dette kjem det og ein forklaring på – til slutt.

Eg lyt og nemne den prektige og besteborgarlege Abrahamsen, som er skurken i dramaet.

Eg lyt vel røpe såpass at boka har ein god slutt, sjølv om juleførebuinga vert litt ad hoc. Det er julebodskapen som gjeld, med varme, glede og hjarterom som viktige faktorar. Og å sjå ljoset. Dersom eg hugsar rett er det ikkje ein einaste nisse med i denne boka, men dess meir englar og jesusbarn. Men eg trur at folk skal vere ganske ihuga heidningar dersom dei skulle reagere på dette. Og i tilfellet kan dei berre ha det så godt, for dette er ei framifrå juleforteljing. Undertonen er melankolsk, men her er òg mykje varme og lun humor.  Boka er godt komponert, ikkje fleire personar enn naudsynt og med fine personskildringar.   Det er Malin som fortel, og det gjer ho på truverdig vis. Dette er sanneleg ei frigjerande motvekt til alt det materialistiske juleståket! Og så herleg uhøgtideleg i stilen!

Så litt forbrukaropplysning: boka har 24 kapittel, så ho kan altså brukast til adventsbok, sjølv om kapitla ikkje følgjer dagane.

Vi lyt vel og ha litt musikk. Mora høyrer på Mahalia Jackson for å kome i julestemning. Ikkje noko dumt musikkval. Mellom anna syng ho ( Mahalia altså) Go tell it to the mountain, men då eg leita etter songen på YouTube fann eg òg ei innspeling av sjølvaste Bob Marley så då vert det ho i staden.


Lenke til YouTube-videoen

Dei som vert sure på meg no kan sikkert finne fram nokre songar av den store gospelsongarinna sjølv.

Til slutt litt pirk: skal ikkje pinnekjøtet vatnas ut over natta før ein kokar det? Men kanskje Jørgen kjøpte kjøt som var ferdig utvatna.