bad boy steroidAnnette Münch er tildelt Brageprisen 2014 innan kategorien Barne- og ungdomsbøker. Ho får prisen for boka Badboy Steroid. Prisen vart utdelt tysdag ettermiddag under ei tilstelning på Dansens hus i Oslo. 

Dei andre nominerte innan same kategori var: Lisa Aisato: En fisk til Luna, Lars Joachim Grimstad, Solkongen og Oda Faremo Lindholm, Bullshitfilteret.

Og blant dei andre prisvinnarane er det to NBU-medlemmer til:

Brages Ærespris er tildelt Vigdis Hjorth. Og Ingvild H. Rishøi stakk av med sigeren i Open klasse (Noveller og essays) for «Vinternoveller».

Dei andre prisvinnarane var: Rune Christiansen fekk Brage i klassen for skjønnlitteratur for «Ensomheten i Lydia Ernemans liv», mens Marte Michelet fekk Brage i klassen for sakprosa.

Det vart delt ut prisar i klassene for skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, sakprosa og open klasse, som i år tok for seg noveller og essays.

I tillegg vart det delt ut ein heiderspris.