Eg held fram med denne sjølvutleverande eigenmeldinga, no er det årets siste utgjeving, «Snatch», som skal under lupen.

Snatch handlar om gutane Henrik og Martin om bestemmer seg for å kidnappe rikmannsdottera Henriette for å kreve løysepengar for henne. Oppe i hovuda deira virkar dette som ein enkel plan, dei snatcher jenta, gøymer henne på ein avsidesliggande gard nokre dagar og innkasserer ti millionar raske kroner. Men det meste går sjølvsagt gale. Jenta skader seg, Henrik sin bror (som eig garden) dukkar opp, og Martin viser seg å vere ein særs ustabil partner-in-crime. Slutten og korleis dei heile går med jenta og gutane skal eg ikkje røpe, men dette er heilt klart ei bok med moralske utfordringar. 

Boka er utgitt i Mangschou sin serie Skumring, og den er skriven i ein lettlest stil. Akkurat som Røssland si førre bok i same serien; Gamer. Denne gongen har forfattaren tatt steget bort frå det populære spelmediet som var hovudtema i Gamer, og fortel ei meir rett fram krimhistorie, med mykje spenning, både på det ytre og indre plan. Henrik, som må seiast å vere hovudperson, utfører ikkje denne kidnappinga heilt utan kvaler. Men med ei syster som han ynskjer å få bort frå den alkoholiserte mora, blir freistinga for stor. Kva om han kan skaffe seg ei leilegheit der systara kan bu dei siste åra før ho blir myndig? Han vil ikkje kaste henne inn i forsterfamiliar. Han vil hjelpe henne. Martin sine motiv er mindre noble, akkurat som Martin sjølv. 

Forfattaren jobba mykje med truverdet rundt sjølve kidnappinga. Kva ville han sjølv ha gjort viss han skulle kidnappe ein tolvåring? Korleis utføre sjølve kidnappinga? Korleis sende brev om løysepengar? Osv. Røssland innrømmer at han måtte tenkje litt som ein forbrytar for å få dette til. Han måtte planlegge i detalj for at dette skulle funke i boka. Største forskjellen på han sjølv om kidnapparane i boka er at Røssland såg for seg alle dei eventuelle problema som kunne dukke opp, både dei praktiske og moralske. Henrik og Martin oppdager desse utfordringane undervegs.

Boka ynskjer ikkje å vere ein moralsk peikefinger. Forfattaren antar at lesaren veit at dette er ei avskyeleg handling, men han stiller likevel spørsmålet: Kor langt er du villig til å få for å hjelpe ein du er glad i? Henrik er villig til å gå mykje lenger enn dei aller, aller fleste. Martin derimot gjer dette kun for seg sjølv.

Boka er kjapp i stilen, med korte setningar og mykje spenning og action. Du les den ut på ein kveld, og du kjem sikkert til å måpe litt over slutten. Den kom som ei overrasking, også på forfattaren.