Når lettlesbøker og bøker i serie ikkje fell inn under innkjøpsordninga til biblioteka har vi eit demokratisk problem. Det skriv konstituert forlagssjef i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug, og forlagsdirektør i forlaget, Edmund Austigard, i ein kronikk i Bergens Tidende.

Kronikkforfattarane viser til at innkjøpsordninga skal bidra til auka kvalitet i norsk skjønnlitteratur, men dei spør samtidig korleis ein avgjer kva som er tilstrekkeleg litterær kvalitet innanfor dei ulike sjangrane. 

«Ei småbarnsbok eller ei lettlesbok for dei som skal knekke lesekoden og treng lesetrening, vil vanlegvis skilje seg frå ein kunstroman. Betyr det at dei førstnemnde automatisk manglar tilstrekkeleg litterær kvalitet? Neppe.

Men det betyr truleg at det som universelt er sett på som god litterær kvalitet også blir bestemmande for kva som er kvalitet innanfor sjangrar som lettlesbøker, småbarnsbøker og ikkje minst bøker i serie. Resultatet av den praksisen møter vi i biblioteka. Bøker i desse sjangrane blir berre unntaksvis kjøpte inn.

Når dagens innkjøpsordning ikkje finn plass til desse sjangrane, får det to følgjer. Først: Desse bøkene blir stort sett ikkje laga. Det fører til svikt på tilbodssida.

For nynorsk står det spesielt dårleg til. Det er eit faktum at folk spør seg: «Vi er ein nynorskkommune, kvifor har vi berre lettlesbøker på bokmål til barna våre?» Dette er i seg sjølv eit demokratisk problem.

Du kan lesa heile kronikken i BT her: