Klimakrisa har skapt tonnevis med bøker. Lat oss ei kort stund oversjå det ikkje heilt klimanøytrale ved papirbruken, og vende blikket mot skjønnlitteraturen. Der går det meste til helvete, er det det vi treng no?

3892186689_55c2260b05_o (1)
Foto: Juan-Vidal Diàz. CC/Flickr.

Trass i rykte om at det finst lite skjønnlitteratur om klima og miljø: økolitteraturen er her den, ja, han har vore her mykje lenger enn den relativt nye termen. Det gjeld berre å ha på seg dei rette brillene.

Sjå grønt med miljøbriller
Ein ting er flodbølgja av dystopiar som slår i mot ein både i litteratur og på film: Det er tørke, det er flaum, det er altfor varmt, det er iskaldt, det er hunger, diktatur og anarki. Eg skal starte i ein annan ende, nemleg på 70-talet, av fleire grunnar: I 1978 vart nemleg ordet «økokritikk» brukt for første gong, det skjedde i USA, og poenget med termen var dobbelt: dels galdt det å dyrke fram litteratur om miljøspørsmål, og dels handla det om å lese all litteratur med miljøbriller.

Målet er å betre situasjonen. Dette er nøyaktig same metoden som ligg til grunn for feministiske lesingar eller postkoloniale lesingar: Du ser nøye etter kva forfattarar skriv om det du er ute på å utforske, kva dei tek for gitt og kva som ligg i underteksten. Den andre grunnen til å starte på 70-talet er at då skjedde det mykje på natur- og miljøvernfronten.

Naturen og fiendane på 70-talet
Eg nemner i fleng: Mardølaaksjonen, der folk sette seg ned for å hindre anleggsmaskinene i å leggje elva i røyr, boka «Fremtiden i våre hender» kom og skapte både ei rørsle og bladet «Folkevett», samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern florerte, og naturvern var ei av fleire fanesaker i det sterke, motkulturelle aksjons- og debattuniverset. Kort sagt- 70-talet var eit tiår for kamp mot naturøydeleggande og forureinande industri, det var kamp mot forbrukarsamfunnet og for grøne verdiar. Forfattarane følgte opp:

UaarI dei to Uår- romanane som kom midt på 70-talet let Knut Faldbakken ei samansett gruppe menneske flykte frå byen Sweetwater for å overleve på søppeldynga utanfor byen. Storbyen hadde kollapsa, men forbrukarsamfunnet sørga for rikeleg med søppel for dei som valte å melde seg ut av det såkalla siviliserte samfunnet. Sivilisasjonskritikken er tydeleg, og det finst hint om at livet på dynga har nokon verdiar som manglar i byen.

Søppeldynga var i det heile ein kraftfull metafor for ein generasjon sidan. Per Olav Kaldestad hadde denne vinklinga:

Ramnungar ropar. / Ramnemor og ramnefar / ser ut over søppelhavet / og har tru på framtida

Folk og dyr lever av søppelet frå forbrukarsamfunnet. Velstanden har sin pris, sivilisasjonen druknar i søppel og forureining. Her er nok eit dikt frå same forfattar:

Husnes / 1960. Grøne furer. / Viper over frodige myrar. / 1970. Brune furer. / Røyk over betong.

Tydeleg tale, i karakteristisk 70-talsstil.

london_bbFrå lokalt naturvern til global oppvarming
No på 2000-talet handlar miljøkampen om klima, og han er global. Det handlar ikkje lenger om å stogge ei gravemaskin, det handlar om å stogge gradestokken. I litteraturen dominerer dystopiane. I Bing&Bringsværds aller siste bok, «London 2084″, er vi som tittelen hintar om i overvakingssamfunnet slik det ovrar seg 100 år etter 1984. Men ikkje minst er vi i eit Oslo der vatnet har stige slik at folk må ta seg fram med robåt. Og Bård Isdahl, stiller det verkeleg store spørsmålet i miljøthrilleren «Havari», nemleg:

Går det an å både ta vare på naturen og demokratiet i framtida? Kan politikarar setje i verk upopulære tiltak og likevel bli valt for ein ny fireårsperiode? Kor langt kan samfunnet gå i å spionere på miljøaktivistar og andre suspekte individ, før det utviklar seg til eit totalitært overvaskingssamfunn? I «Havari» er vi også nokon få tiår inne i den mørke framtida.

I romanen «Sju dagar i august» legg Brit Bildøen handlinga fattige fem år fram i tid. Men allereie der er det endringar å spore: Det er mildt og det er stormver som skaper øydeleggingar større enn dei vi ser i dag.

SolstormLitt optimisme for ungdommen
I ungdomslitteraturen finst det dystopiar som ikkje er totalt svarte. Det gjeld for Jostein Gaarders roman «Anna», der den 16 år gamle hovudpersonen reiser i tid og opplever å bli skjelt ut av sitt eige oldebarn for at vi har øydelagt kloden. Vel tilbake i si eiga tid (eller etter å ha vakna opp frå ein svært livaktig draum) blir Anna miljøaktivist og kjempar for at oldebarnet også skal kunne lukte på blomar og sjå levande dyr.

I trilogien «Solstorm» let May Grethe Lerum straumen gå i Fredrikstad, og folk må endre livet sitt totalt for å kome seg gjennom vinteren. 16 år gamle Maja og venene hennar står han av, og dei veks på erfaringane: Kanskje ikkje alt treng å bli akkurat som før, det går an å leve utan straum også. I begge desse bøkene når ungdommane fram til ansvarlege og reflekterte standpunkt i klima- og miljøspørsmål, og meininga er nok at dei unge lesarane skal ta etter.

Menneske mellom natur og maskin
I tillegg til aksen som går frå vondt til verre, finst det også ein akse mellom maskinene og naturen. Her viser mennesket sin doble karakter: på den eine sida er vi naturvesen og på den andre sida er vi den arta som har sett i gang den teknologiske utviklinga og som er avhengig av denne. Dermed dukkar det opp spørsmål av typen: «Kva er eit menneske?»

I diktsamlinga «Solaris korrigert» har Øyvind Rimbereid lagt handlinga til år 2480. Språket er ei blanding av språka rundt Nordsjøen, og hovudpersonen har ansvar for robotar som reparerer oljeinstallasjonar. Men mest tenkjer han på kva som er forskjellen på menneske og maskin i ei tid då maskiner er ein integrert del, ikkje berre av arbeidsliv og sosialt liv, men også av kroppens liv.

KAN robots fri vera? / JA, dei kan. / Ven dei repairat ein problem dept i slam haf / Nearli ein impossibl problem / og aig kontrollen dei back til kai / og aig ser dei, firkanta og forslamma up af seaen / stiga / DA dei lucki er. / ONLI, dei veit det ne…

Mennesket som talar her, har altså noko som maskiner ikkje har, nemleg evna til å føle lykke. Dessverre for han er det lite lykke i livet hans. Men han kan alltids drøyme om det. Robotane treng «ne draumar».

Ein viss forskjell er det altså, på menneske og maskin. Andre poetar let grensa mot naturen bli utydeleg. Ein interessant poet her er Siw-Anita Kirketeig her eit sitat frå samlinga «Alt kjød er grønt gras»:

Kjære | du viste meg myrene du stakk ei hand inn i surklet og sa | slik er kroppen min som eit dyr som ligg og grev (…) fingrane dine spirte i myra

steffen tar sin del av ansvaretKva veit du om bier og blomar?
Tilbake til ungdommen: I romanen «Steffen tar sin del av ansvaret» let Christian Valeur hovudpersonen dra på hytta til foreldra, dels for å kome vekk frå ei vanskeleg floke i kjærleikslivet, men også for å leve eit karbonnøytralt liv. Det går dårleg. Han har ingen kunnskap om å leve i pakt med naturen og endar med å økse laus på familiens hermetikklager.

Steffen er interessant fordi han er typisk: Han veit mykje om global oppvarming og vil gjerne kjempe mot utviklinga, men han har ikkje peiling på kva som spirer og gror utanfor hyttedøra.
Og då kan det vere på tide å ta på seg miljøbrillene og vandre inn i eldre tiders litteratur. Frå nasjonalromantikken og framover har forfattar etter forfattar levd i og med naturen, studert meitemarken i molda og ørnen i flukt. Dei har gått opp stiar til stader der dei veit det er bær, eller hjort å finne. Dei har følgt årstidene i vers og prosa. Norske forfattarar har skrive bøker som viser ein stor, spesifikk kunnskap om arter og kva dei treng for å leve. Og ikkje minst viser dei ei glede ved, og ei samkjensle med naturen.

I norsk litteraturhistorie finst eit vell av økoforfattarar: Henrik Wergeland, Aasmund Olavsson Vinje, Jonas Lie, Knut Hamsun, Sigrid Undset, Aslaug Vaa, Fridtjof Nansen, Mikkjel Fønhus, Harald Sverdrup, Olav H. Hauge, Hans Børli, Rolf Jacobsen og heilt sikkert mange fleire.

bokvennenMen virkar det?
Økokritikken og økolitteraturen har ein ambisjon om å gjere noko for klimaet. Då blir det interessant å spørje seg: Kva fungerer? Dystopiane er velskrivne og velmeinte, men det er jo høgst usikkert om litteratur som prøver skremme folk til å endre praksis fungerer etter dei gode intensjonane. Mange las bøkene til Dag Solstad og Espen Haavardsholm på 70-talet utan å bli overtydde om at AKP (ml)s revolusjonære idear var tingen. Dessutan er det usikkert om 100 dystopiar verkar betre enn 50. For at Steffen og alle dei andre skal greie å ta sin del av ansvaret, treng dei kanskje aller mest litteratur som opnar naturen, viser dei artene, og lærer dei å sjå mangfaldet. Mangfald let seg ikkje gripe utan kunnskap.

I tidsskriftet Bokvennen (1/2014) viser Trond Arnesen til ein imponerande statistikk han har laga sjølv: Han har talt opp kor mange plantearter som finst hjå tre utvalte poetar, og kjem til at Olav H. Hauge nemner 70, Sverdrup nemner 90 og Børli landar på 135. Han har ikkje talt dyrearter, men ville nok fått nokon fine tal der også. Kanskje det går an å få til ein dynamikk der litteraturen inspirerer til sjølvstudium i bøker og ikkje minst studiar av naturen der ute.

Personleg trur eg at du får meir ut av dette diktet til Olav H. Hauge om du har sett -eller i alle fall veit reint teoretisk- kvar tussalusa held seg, og kva det har å seie for ljåen. Og tussalusa på si side treng at nokon kjenner henne, sjølv om ho ikkje veit om det.

Det er ikkje so fårleg / Um grashoppa skjerper ljåen. / Men når tussalusi kviskrar, / skal du akta deg.