Maria Nilson

Maria Nilson

– I dystopiske romanar for ungdom frå dei siste åra finn vi fleire samfunnskritiske drag. Det seier den svenske barnelitteraturforskaren Maria Nilson.

–  Vi finn kritikk mot fikseringa på utsjånad, mot miljøøydeleggingar, mot sosiale medium, fråveret av vaksne og ulikheit mellom menneske.

Nilson var ein av innleiarane på barnebokkonferansen i Stavanger tysdag, der dystopia var sentralt tema. Forskaren har nyleg gjeve ut bok om mørkeret i ungdomsromanar, Teen Noir.

Kvifor så populært?

I foredraget stilte Maria Nilson spørsmålet om kvifor den dystopiske litteraturen er så populær for tida. Ho trekte fram fleire moment, som uro for framtida, for miljøet og demokratiet. Samtidig får ein utforska skremmande scenario medan ein sjølv er trygg.

Det same spørsmålet vart stilt i to panelsamtaler om temaet.  Forfattar Terje Torkildsen meiner at det er snakk om ein trend, for slik er ungdomskulturen, sa han. Vi får bølgjer, og mange kastar seg på.

– Dystopien er ein eldgammal sjanger, med dei store forteljingane om liv og død og avgjerande val, sa han.

Han trudde elles ikkje at det stemmer at ungdom er bekymra for framtida. Denne uroa er i alle fall ikkje så stor som dei vaksne vil ha det til.

Her fekk Torkildsen støtte frå ungdomsskoleelev Camilla Lundegaard, som sjølv likar å lesa dystopiske romanar. Ikkje fordi ho er uroleg for framtida, men meir fordi det stiller ein overfor problemstillinga: kva viss det hendte? Kva val ville eg gjort?

Generasjonskonfliktar

– Generasjonskonfliktar er eit gjennomgåande tema i dystopiske romanar, sa Maria Nilson. – Dei vaksne svik og lyg, og det er foreldregenerasjonen som har øydelagt jorda, og som gjerne ofrar dei yngre for at dei sjølve skal halde fram å leva det livet dei vil ha. Det er få lykkelege familiar i desse bøkene.

Ho trekte fram fleire trekk som er felles for handlinga i dystopia-bøker. Handlinga er gjerne lagt til etter ein katastrofe, det er ei sterk heltinne, som er utvald, gjerne med spesielle evner, det er nødvendig med opprør, den utvalde har gjerne ansvar for ei mor eller syster eller annan person som er trua, og som ho vil redde, det er kjærleik og romantikk, helten vender seg mot eit autoritært regime, er ofte politisk bevisst, det finst vald og tortur, og alt er ikkje svart/kvitt.

Og eit anna poeng som går att, heltinna les bøker. Kultur er ofte forbode eller har forsvunne i dei dystopiske samfunna, den blir oppdaga på nytt, og noko blir frigjort.

Meir håp i Norden

– Viss vi samanliknar den anglosaksiske og den nordiske dystopien, så er det meir håp i den nordiske, sa Nilson, som kunne opplyse om at det dei siste ti åra har kome hundretals nye titlar innan feltet på svensk, både omsette bøker av svenske forfattarar.

Ho definerte ein dystopi som ein roman med dystre framtidsvisjonar, det er det ho avgrensar forskinga si til, bøker som foregår etter katastrofen.

Men også romanar med handling frå nåtid og fortid blir rekna innafor dystopiane. Sjangeren famnar vidt og bøkene viser stor breidde.

Mørke stemmerdystopia2

I paneldebatten «Mørke stemmer» deltok tre forfattarar med ulike bøker. Svenske Per Nilsson fortalde om boka «Otopia», som han sjølv ikkje rekna blant dystopiane. Hans utgangspunkt var at han ville skrive om folk som er snille med kvarandre. Boka handlar om eit veldig bra samfunn, men med ein liten feil eller brist.

På spørsmålet om han vil at boka skal ha oppdragande effekt, svarte han at han først og fremst ville prøve ut ein ide, samtidig som han ikkje kan skjule kva han sjølv står for.

Den andre svenske forfattaren i panelet, Sofia Nordin, har skrive «En sekund i taget», ei bok som vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2013. Boka handlar om ei jente på 13 år som prøver å overleva etter at resten av familien er døde i ein pest. Ho veit ikkje om det finst andre levande menneske att.

– Romanen har lite fokus på samfunnet, det er meir på det individuelle planet, om reisa til 13-årige Hedvig, sa Nordin. – Det handlar først og fremst om einsemd.

Heller ikkje ho var så sikker på om det eigentleg er ein dystopi. Den utspelar seg i nåtid, ikkje framtid. Eit viktig motiv for henne var å få fram at samfunnet vi har i dag, går ut på å samarbeide, sjølv om vi også er egoistar.

– Mi naive tru er at dei fleste vil kunne forstå kor viktig samarbeidet er i ein slik katastrofesituasjon.

Den tredje forfattaren i panelet, Amund Hestsveen, har skrive boka «Flukten» saman med Torborg Igland. Utan tvil ein dystopi, om eit framtidssamfunn med militærdiktatur i Norden om ca 60 år.

– Fridommen vi opplever i dag, ligg ikkje der som ein menneskerett, råkå frys lett til, derfor må vi stadig kjempe for desse rettane, sa han.

– Kan dystopien skje i dag, i vårt land? Fleire var inne på at det finst dystopiar rundt om i verda i dag, katastrofer, terrorisme, fattigdom, diktaturregime. Og alt kan skje.

dystopia1

 

Les også: Ungdomsbøker handler om mord, selvmord og død (NRK/Rogaland)