Det er ikkje lett å forklare ein utanforståande ting ein sjølv likar. Eg har vore stor fan av spelserien Grand Theft Auto sidan spel nummer tre kom ut i 2001. Den opne verda der du tilsynelatande kan gjere kva du vil, dei herlege karakterane, den gjennomførte umoralen og den satiriske framstillinga av absolutt alle mennesketypar, ja, det grensar til tider mot menneskeforakt. 

Eg har spelt alle spela som har kome i serien etter GTA III, og fjorårets tilskot, GTA V, var ikkje noko unntak. For dei som ikkje er heilt med så har det vore langt meir enn eitt spel innimellom, faktisk heile sju om du tar med Nintendo DS-versjonen.

 Artig video der eldre mennesker diskuterer Grand Theft Auto 5.

GTA V er det største spelet så langt i serien. I den fiktive amerikanske delstaten San Andreas tar du styringa av tre veldig forskjellige karakterar og speler deg gjennom ei historie om venskap, svik, ran, vald, kjærleik, barneoppdragelse, utroskap, naturfotografering, jakt, pilottrening, dykking, skydiving, dart, aliens, narko, osv osv. Det er med andre ord eit omfattande spel, som tar mange timar å gjennomføre hundre prosent. 

Spela har heilt sidan starten vore kontroversielle. Spesielt på grunn av valden, og ikkje minst fridomen du har som spelar. Du kan velje å kaste ein handgranat inn i ei folkemengde, og i neste augneblink kan du leite etter pusekattar å fotografere med mobilen din. Og sjølvsagt alt inni mellom. Ting du ikkje ville gjere i det verkelege liv. Dette er ei verkelegheitsflukt ulikt noko anna. Det er faktisk utruleg underhaldande å kjøre rundt på stranda med tanks, eller hoppe ut i fallskjerm frå ein skyskrapar.

Spela har måtte tåle mykje kritikk på grunn av valden, og sjølvsagt er det mange foreldre rundt om kring i verda som ikkje likar at barna speler det, men dette er faktisk foreldra sitt ansvar. Dette er ikkje ein spelserie for barn, mykje av innhaldet forutset at du har ein del livserfaring, og kjennskap til både politikk og populærkultur. Det er mogleg å hindre barna i å spele det, og det beste er at foreldra speler det sjølv. Finn ut kva det er, og snakk om det med barna. Å oppleve det sjølv før ein eventuelt kritiserer.

Det gjorde ikkje Kvinnefronten då dei valde å kritisere GTA V sitt kvinnesyn, det var dumt av dei. Først gav dei ut ei slags pressemelding der dei bad butikkar om å fjerne «søpla» frå hyllene. Dette fekk dei mange klager på, og etterpå skreiv dei ein kronikk om tema. Hadde dei spelt spelet i mellomtida? Nei, det hadde dei ikkje. Dei baserte seg på youtube-klipp, og ikkje dei klippa som viser at du kan fotografere pusekattar. Dei orsaka seg ikkje og ville aldri slutte å ta opp kampen mot kvinnehat. Eit flott engasjement. Berre så synd at dei denne gongen bommar totalt.

Ja, du kan kjøpe seksuelle tenestar i spelet, og du kan velje å drepe den prostituerte etterpå. På same måten som du kan velje å drepe absolutt alle i spelet! Til og med kattepusen kan du knerte med øks etter du har fotografert han. Dette er eit val speldesigneren har gjort, seier kritikarane, at det er mogleg å drepe desse kvinnene, derfor er spelet kvinnefientleg. Du drep langt fleire menn enn kvinner i spelet, for å seie det slik. Politifolk, soldatar, sikkerhetsvakter, gjengmedlemmar osv osv. Å velje seg ut ein del av spelet og kalle seg krenka, det blir å ta ting ut av samanhengen. Var Hitler slem utelukkande fordi han var vegetarianar? Eller fordi han hadde bart? Korleis skal då ein vegetarsk trønder føla seg?

Men kvinnefigurane er framstilt så teite og stereotypisk, seier kritikarane.

Ja, det er dei. Dei er faktisk framstilt så teit at det grensar mot parodisk. Tanta til den eine hovudpersonen i GTA V får verkeleg gjennomgå. Og dottera til den andre hovudpersonen er fullstendig blåst i hovudet, for ikkje å snakke om kona hans. Men absolutt alle i GTA blir framstilt som stereotypar. Ikkje berre kvinnene. Her får alle gjennomgå. Svarte unge menn, middelaldrande kvite gubbar, canadiarar, europearar, rednecks, jegarar, kristne, asiatar, tv-vertar, konspirasjonsteoretikarar, Elvisimitatorar, yogainstruktørar, filmprodusentar og ikkje minst spelindustrien sjølv. Blant mine favorittar er nok den kyniske nettsida Lifeinvader, ein klar parodi på Facebook. Produkt som IfruitPhone, Petsovernight.com, Pisswasser beer er berre nokre få som gjer narr av forbrukarsamfunnet vi bur i. Den religiøse sekta Epsilon som tilber guden Kifflom, er ein hysterisk parodi på scientologikyrkja.

Politikarar og det amerikanske samfunnet er nok likevel det som får gjennomgå mest. Gjennom heile spelserien så osar det av samfunnskritikk og satire. Mykje av dette er til stades gjennom alle radiokanalene du høyrer på medan du kjører rundt på ulike oppdrag, men også gjennom spela sine storyar. Den amerikanske draumen blir latterliggjort, og amerikanarar blir framstilt som stormannsgale våpenelskarar, sexfikserte og psykotiske, men med eit godt hjarte, i alle fall innimellom. Hovudpersonane er ikkje noko unntak. Du som speler kan sjølvsagt legge dine eigne moralske verdiar til grunn for korleis du oppfører deg. Du kan ta omsyn til fotgjengarar om du vil, du må ikkje oppsøke dei prostituerte, og du treng ikkje kjøre på alle syklistar du møter (sjølv om dette siste er moro).

Kvinnefronten gjer mykje bra for feminismen, men å kalle alle som speler Grand Theft Auto for kvinnehatarar blir veldig usaklig. Minner om debatten då Life of Brian blei forboden i Noreg, og få av kritikarane hadde gidda å sjå den. Best å halde seg til ting ein har greie på. Ha eit ope sinn, slik som mange av desse eldre i videoane. Du treng ikkje like Grand Theft Auto, men ikkje la ditt moralske snevre syn hindre andre i å like det.

Ein endå artigare video der eldre speler Grand Thefta Auto 5.