Er det det same kva ungdom les, berre dei les? Eller spelar lesinga ei rolle for livet? For verda?

Det spørsmålet stiller lektor Sofie Braut i ein gjestekommentar i Aftenbladet. Ho viser til Ungdommens kritikerpris 2015, som gjekk til Birger Emanuelsen for boka «Fra jorden roper blodet», og ho skriv mellom anna:

OFTE HØYRER EIN UTTRYKK SOM «Ja, ja, berre dei unge les, så er det ikkje så farleg kva» Det er sikkert realismen og den erfaringsbaserte omsorga som snakkar her. I det større perspektivet vert likevel ei slik haldning altfor defensiv. For å seia det med eit sitat frå årets prisvinnar, Birger Emanuelsen: «Det har noe å si hva dere leser, hva dere skriver, mener og tenker. Livet gjenskapes hver morgen, og de tingene dere leser, sier og gjør er med på å gjenskape verden.» Emanuelsen, set utan å blunka, lesinga inn i den store samanhengen ovafor ungdommane. Lesinga speler ei rolle for livet, for verda.

Braut meiner Ungdommens kritikerpris (skipa for ti år sidan) gjev von om at norsk ungdom ikkje treng vekse opp på intellektuell fattigmannskost. Ho ser på det som ein kraftprestasjon for dei involverte 17–18-åringane å komma seg gjennom dei åtte nominerte bøkene, men at dei veks på å få brynt seg. Ho siterer noko elevjuryen uttalte om vinnarboka i år: «Den lever fortsatt i oss, og vi sitter igjen med mange spørsmål om karakterene og relasjonene i boka».

Braut kommenterer det slik: Det elevane her seier er nettopp det motsette av eit kultursyn der litteratur først og fremst er ei forbruksvare som berre eksisterer for at eg skal underhaldast, eller for å få stadfesta mi rolle som sentrum i eige univers. (…) her sit dei unge igjen med undring, her er det plass til ein lesar som sjølv resonnerer og engasjerer seg i komplekse relasjonar. Det er håp!

Heile kommentaren kan du lesa her: