E-diktet er eit tilbod til alle som er glade i dikt for barn eller vaksne eller begge delar. Det er fylkesbiblioteka i Østfold og Vestfold som står bak tiltaket, og NBU var med frå starten. Og det er gratis.

Slik blir e-diktet presentert på nettsida:

Å lese dikt har mange fordeler.  Et dikt kan være en tankevekker, en filosofisk betraktning, et lykkelig øyeblikk.

Du leser diktet ferdig på et par små minutter. Det kan likevel klinge i deg lenge. Enten du leser det som et lite avbrekk i hverdagen eller tar det med deg på fest.

Fylkesbibliotekene i Vestfold og Østfold sørger for at du får en diktopplevelse sendt direkte til deg. En gang i uka. Hele året. Helt gratis.

Dei som ønskjer det, kan melde seg på og få tilsendt eit dikt kvar veke. Du kan velja mellom dikt for barn eller dikt for vaksne, eller begge delar.

E-diktet for barn har vore i drift frå 2007. Det vart starta som eit samarbeid med NBU, og Dag Larsen var NBU’s representant ved oppstart. Bakgrunnen for prosjektet var eit ønske om å tilby eit meir variert litteraturtilbod både i innhald, form og distribusjon. Dei som arbeider med det, har sendt ut over 300 dikt, og mange norske forfattarar har gjennom åra mottatt honorar. Kvart dikt blir honorert med 1 200 kroner.

Prosjektet har fått finansiering frå både Norsk kulturråd og Nasjonalbiblioteket, men nå er det slutt på prosjektpengane. Dei siste to åra har tiltaket vore drifta ved hjelp av eigne midlar, frå fylkesbibliotekene i Vestfold og Østfold. Men nå har det vorte vanskeleg. Ønsket er å få e-diktet inn under Nasjonalbibliotekets permanente drift, med varig økonomisk sikring.

NBU har nyleg gjeve 15 000 kroner i støtte for at e-diktet kan halde fram til situasjonen blir avklart.

Klikk deg inn på nettsida til e-bok og les meir:

E-dikt har også Facebookside, og ein e-diktblogg: