Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Lars Mæhle er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2014 for ungdomsboka Landet under isen. Dødebok. 

– Tusen takk for prisen. Det er kjempestas. Dette handlar om to ting eg er oppteken av, både nynorsk og barnelitteratur, seier Lars Mæhle. Han hadde ingen sjølvsagt veg inn inn i nynorsken. Gjennom heile skulegongen hadde han bokmål, og fram til han var passert 30 år hadde han skrive 7-8 manus på bokmål som var blitt refusert.

– Då var eg ein tur til Syden, og på den ferien skreiv eg ein kort tekst på nynorsk som eg kalla «Tog, vafflar og minigolf», og sende til Samlaget. Eg fekk melding tilbake om at det var ei litt tynn forteljing, men dei ville sjå meir, fortel Lars Mæhle. Då var han i gang og han skreiv det som vart fyrsteboka som heiter «Keeperen til Tunisia» på nynorsk.

Grunngjeving frå juryen:

«Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2014 har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne innafor ulike sjangrar. Juryen rettar merksemda mot den delen av forfattarskapen som rettar seg mot ungdom, og meiner at forfattaren skal ha heider for å ta dei unge som lesargruppe på alvor. Med vinnarboka viser forfattaren at det er muleg å skrive kvalitetsbøker for ungdom innafor fantasysjangeren.dødeboka

Vinnarboka er ein imponerande og frittståande oppfølgjar til ein av forfattarens tidlegare romanar, og handlinga utspelar seg også denne gongen i det same universet som vart etablert i den første boka. Handlinga pendlar mellom ei (tilsynelatande) realistisk og ei fantastisk verd, nemleg bygda Smalvik og Landet under isen. På nytt trugar mørkret og undergangen innbyggjarane i det vesle bygdesamfunnet, og den utvalde må nok ein gong freiste å ta opp kampen mot dei vonde kreftene. Men sjølv om romanen isceneset det klassiske skiljet mellom godt og vondt som ein klar grunnstruktur i kampen til helten, utspelar handlinga seg i eit uoversiktleg univers, der det gode og det vonde ikkje er lett identifiserbare storleikar, ikkje ein gong i helten sjølv. Mykje av spaninga er knytt til nett dette, og ikkje minst formidlar romanen slik ein bodskap om å vurdere kritisk kva som er godt og vondt.

Formmessig er romanen kompleks då spenninga byggjer seg opp på fleire parallelle forteljeplan, og den har ein høg og medrivande intensitet som gjer det vanskeleg å leggje boka frå seg. Samtidig som den fantastiske forteljinga går fram, blir lesaren òg engasjert i ein tematikk omkring gamle mytiske tekstar og religiøse sekter. Gamalegyptisk religion blir fletta inn og går som ein raud tråd gjennom handlinga.

Gjennom ei fantastisk framstillingsform tar vinnarboka opp viktige spørsmål og legg grunn for etiske refleksjonar om kva ein kan koma til å ta del i om ein ikkje reflekterer sjølvstendig. Slik treffer boka ein nerve som er skremmande aktuell.

Sjølv om håpet og dei gode kreftene vinn til slutt, er likevel ikkje dei vonde kreftene borte for godt, og slutten ber bod om at det – heldigvis – kan kome nye historier om Landet under isen.

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2014 er: Landet under isen. Dødeboka av Lars Mæhle.

Nynorsk barnelitteraturpris har blitt delt ut sidan 1968, og det er Noregs Mållag som står bak prisen. Det er eit diplom og 30 000 kroner i prispengar. Juryen har vore: Margit Ims, Anne Skaret og Knut Åge Teigen.