Eksperimentet av Harald Nortun er ei bok som utfordrar kjønnsrollemønstra. Det har kome ut nokre slike den seinaste tida, til dømes Forvandlerne av T Cooper som kom ut på Aschehoug i fjor. Eller jenta fra Mars av Vicky Janssen som kom ut på cappelen Damm i år, og som eg blogga om for ikke så lenge sidan.

Det byrjar med at to tvillingar, Amund og Amanda ( sånn ca 13 år?) på ei togreise til besteforeldra vert einige om å bytte identitet, altså slik at Amund blir Amanda – og omvendt. Vel framme hos besteforeldra møter dei eit anna syskenpar, Silje og Stefan, som er på omlag same alder.

Det er Amund ( no som Amanda) som er forteljaren. Dette er ein heilt ”vanleg” gut, som eg trur kan vere lett for lesaren å identifisere seg med. Språket er enkelt, og flyt godt. Vi trur på denne guten, som altså ikkje kjenner seg heilt vel i den tradisjonelle og stereotype guterolla.

Som alle veit er det meir akseptert for jenter å vere ”gutejenter” enn det er for gutar å vere feminine. Den gutaktige Amanda finn seg svært godt tilrette i den nye rolla si, som gut.

”Eg var like god til å køyre som han som eig motorsykkelen. Dette hadde eg aldri fått vere med på viss eg var jente”. S 105.

Fleire barnebøker – utan at eg no kjem på ei einaste (eller forresten, eit godt døme er jo Skyggen over steinbenken av Maria Gripe) – syner då òg korleis jenter oppdagar at dei blir friare dersom dei kler seg som gutar. Ei anna eksempel er den historiske romanen Grevens datter av Jean-Claude Rijckeghem & Pat van Beirs. (Mangschou 2014).

Men Amund trivst og godt i den nye rolla si som jente, likevel er det vanskelegare for han enn for systera. For han vil det bli meir problematisk dersom det blir oppdaga at han eigentleg er gut. Eller dersom nokon han kjenner ser bilete av han med sminke og jenteklede.

Medan Amanda hatar måten jenter kommuniserar på og korleis dei heng seg opp i klede og utsjånad, kven som er ven med kven, sladder etc, synst derimot Amund at det er artig å følgje med på kva folk driv med og er interesserte i. ”Gutar spring berre rundt og knuffar og slåst heile tida”.

For Amund blir det å ha på seg kjole ei god oppleving, ( medan systera nektar å gå i noko slikt) og han er einig med Silje i at kjolen passar perfekt.

”Inst inne må eg innrømme at Silje har rett i ein ting. Denne kjolen er perfekt til meg” 

Han likar og det nære venninneforholdet med Silje.

Det er og interessant at samstundes som Amund reagerer på korleis venninna Silje spelar opp til andre gutar, og gjer seg meir hjelpelaus enn ho er, faller han sjølv inn i den same rolla når nokre eldre og sterkare gutane tilbyr seg å hjelper han. Boka synar og korleis ytre staffasje som sminke og jenteklede får Amund til å kjenne seg meir feminin.

Amund slit med å finne ut av kjønnsidentiteten sin, eg oppfattar han ikkje som transseksuell, eller jente i gutekropp, han finn seg berre ikkje tilrette i den tradisjonelle rollen som gut – den som søstera hans elskar.

”Eg er den tredje tvillingen. Ein som ikkje passar inn, ein som ikkje finst” s 114

Kanskje eg og burde seie noko om dei greier å halde denne rollebytinga løynd for omgivnadene heile ferien, men dette er ikkje det vesentlege med denne boka. Eg skal heller ikkje røpe noko om dei til slutt avslører løyndomen sin for Silje og Stefan. Det som er interessant er alle dei  tankene og oppdagingane Amund gjer seg denne sumarferien.

Dette er ei viktig bok! Dette må vere ei framifrå bok å bruke i klassen. At ho er på nynorsk er jo berre ein ekstra bonus.

Nei, folkens, no synst eg vi til slutt skal spele You are my sister av Anthony att, her i nydeleg samspel med ein perfekt sminka Boy George! 


Lenke til Youtube-videoen