Foto: Janne Solgaard

Foto: Janne Solgaard

Eg takkar NBU for at dei gav meg penger til å reisa på bokmesse i Bologna. Eg brukte opp alt saman. Hotellprisar går frå 90 til 250 euro dagen før messa. Så det hjelper med stipend, særleg om ein er der i tre-fire dagar. Og det bør ein vera, når ein først har teke turen, som ein seier på Bømlo.

Av Bjørn Sortland

Sidan eg er vestlending som er vant med regn, må eg først seia noko om vêret. Det var veldig fint vêr i Bologna. Veldig. Heile tida. Sol. Blå himmel. Ikke ei sky. Alt var i balanse. Eg var i balanse. Eg hadde på meg mine finaste, mintgrøne pub-til-pub-sko, ei turkis, korterma skjorte med pittesmå, ikkje-utagerande flamingoar , den grove nesten-tweed-dressjakka med klassiske mangefarga ”spetter”, og skulderputer. Sjølv om jakka er varmt, så passer eg alltid på å ikkje få trekk i meg. (Tante Grete-Liv fekk trekk i seg. I 1985. Det gav seg aldri. Never, ever.)

Allereie på flyplassen er det lett å kjenne igjen dei som skal på bokmessa i Bologna. Mappene med friske fargar folk har under armen, mann med insisterande svart hår til svarte briller til svart dressjakke til svart genser, og – grøne Doktor Martens. Damer med sterke tendensar til tresmykke. Illustratørar med ein pitteliten tatovering bak høgre øyra av hatt-lookalike-kvelerslangen i den Den Lille Prinsen. Mann i cirka 52-års alderen med innehud og t-skjorte kor det står svart på kvitt: ADORNO. Han har hatt ho på sidan Frankfurt-messa i 2014. Og ved inngangen vaggar Miffy-kanina rundt, enda det er kjemisk fritt for ungar her. Dette er ein stad for vaksne på jobb.

Bokmessa i Bologna er så vidt eg veit verdas største barne-og ungdomsbokmesse. Her er alle i forlagsverda, meir eller mindre. Og sjølv om det er stort, er det ikkje kald og kjip stemning. Redaktørar, Agency-crewet og andre udefinerbare forlagsfolk kjenner kvarandre. Agency veit kven dei vil snakka med, drikka vin med, kjøpa hos, selja til. Agency har ringt og maila på førehand, har laina opp, planlagt, sendt over pdf-ar med skryt. Det er no det skjer. Her. På små bord. 10-timars dag. Dette har Agency gledd seg til lenge. Alle som gir ut bøker for barn og unge i verda er i ein eller annan hall her. Dei rekk så vidt ein liten tissepause, nokon går med posar på låret, utvikla for astronautar.

Eg har vore i Bologna fleire gonger. Men ikkje for ofte. Ein forfattar passar ikkje heilt inn. For ein kan gå i kjellaren når ein kjem hit, det er så mange bøker. Himla mange bøker. Eg tenkjer i liten grad at: ”Sanneleg! Verda har så få Sortland-bøker, derfor er det bra at eg skriv, slik at det ikkje stoppar opp”. Nei. Kva er vitsen med å skriva meir, kan det komma over meg. Eg er ein blant millioner. For det stoppar ikkje opp. Det stoppar aldri opp. Never, ever. Nye, nye, nye bøker.

Og som forfattar må ein aldri gå på bort på standen og helse på når Agency held på å selja. Ingen har sagt det til meg. Men det forstår ein raskt. Ein er like populær som ei svigermor som spør om ho kan få liggja på rom med brudeparet på bryllaupsnatta. Agency vil ha fred når dei sel. Og det skal Agency få. På kvelden kan dei spandera middag på meg.

Derfor heng eg med illustratørane. Hilde. Ragnar. Gry. Til og med Flu H. Dei er proffe. Dei slappar av. Dei ser betre. Så det er berre å gå rundt med dei, dei er flinke til å plukka opp dei gode tinga. For det er umuleg i Bologna å oppretthalda ei nevrose om at eg ”skal no prøva å få ei høveleg god oversikt over kva som rører seg.” Og når eg kjem over den verste utpsykinga ang. den enorme mengda bøker, så er det både interessant, kult og til dels også oppmuntrande å gå i hallane. For det er bøker som gjeld. Så inderleg. Fysiske papirbøker. Som før. Eg tenkjer at kanskje er ikkje boka sååååååå i krise likevel. Papirboka er framleis topp stemning og stor stas. Og det blir eg så glad for. Ikkje minst bildeboka, ja, illustrerte bøker generelt. Det er mange forseggjorte, fine bøker, til alle aldrar. Hovudinntrykket mitt er at det i år er ei lita bølgje av illustratørar som held fast på god, gammal, analog illustrasjon, handlaga, ja, til og med både klipp og lim. Det er besinnelse og begjær, og masse kjærleik og energi lagt ned i å lage fine bøker. Det er umuleg å få oversikt, og mykje er nok på det jamne, men eg synes likevel det var mindre glossy, sjellause eurokids-bøker å sjå. Eg synes det var opptur å reisa hit. Det er det nesten alltid. Og blir eg psyka ut, så set eg meg på piazzaen midt på formiddagen og drikk kvitvin. Og når kvelden kjem, og restaurantane opnar, så har Bologna definitivt det beste kjøkkenet i Italia. Og eg minner Agency, på mitt milde vis, om at eg er pitteså sulten, sjølv om eg ikkje lengtar heim.