solveig b– Klart det er stas å heite forfattar! Men eg kjenner meg framleis ikkje som ein, sjølv etter fire bøker.

Det seier Solveig Blindheim Bendixen, som er utdanna førskulelærar og cand. paed., og som nyleg vart medlem i NBU. Ho har skrive fire bøker som alle handlar om førsteklassingen Teo.

– Handlinga er lagt til skulekvardagen, der Teo møter heilt vanlege; men for han svært kompliserte problem. Problema løyser seg, og slutten blir glad. Bøkene er lettlesne og eignar seg til høgtlesing, som det står på forlaget si nettside. Bøkene er illustrerte av Trond Bredesen.bendixenbok

– Kvifor valde du å skrive for barn?

– Eg har jobba med barn i heile mitt vaksne liv. Tidlegare kunne eg ofte lage små forteljingar for elevane mine når eg mangla bøker om eit tema. Elles er det meir snakk om å våge å skrive enn å velje, trur eg.

– Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Eg ønskjer meg gode bøker for barn, og særleg gode bøker for barn på nynorsk, men først og fremst er eg opptatt av å få til mine eigne tekstar.

– Kva likar du best å gjere når du ikkje skriv?

– Lese lokalhistorie. Strikke. Reise sakte gjennom Europa. Kunne sitte og gjere ingenting. Akkurat no verkar ein togtur frå Åndalsnes i comfortvogn og med skrivesaker, på veg til til barnebarnet mitt i Bergen, som den store lykka. Men aller først må eg avslutte eit 40-årig arbeidsliv og bli AFP-pensjonist på heiltid frå sommaren av. Hus, hage og garasje har i årevis venta på rydding, så ein del tid vil nok bli brukt til slikt også.

– Kva forventingar har du til NBU? 

– Eg ønskjer å ha nokon eg kan stille alle mine praktiske og juridiske spørsmål til når det gjeld utgjeving av bøker.