Alle gode ting skulle likevel vise seg å ikkje vere tre. For tredje gong var eg nominert til Uprisen, og for tredje gong måtte eg sjå meg slått av ein annan forfattar. Denne gongen Sigbjørn Mostue og boka «I morgen er alt mørkt». Å vere nominert er sjølvsagt kjekt, eg får møte alle elevane som har lese bøkene og får deira ofte nådelause dom. Men aller kjekkast er det å møte dei andre nominerte forfattarane. Det mest irriterande er eigentleg at alle dei nominerte denne gongen har skrive bøker eg likar, kanskje spesielt nettopp Mostue. Då eg slukte boka hans dagen etter den plumpa ned i postkassa tenkte eg faktisk: Pokker, denne boka kjem til å vinne Uprisen. Det hadde vore verre å tape for ei bok eg direkte mislikte, men i «I morgen er alt mørkt» er ei forbaska bra bok. Utruleg spennande og velskriven. (Meg eg begynner alltid å tenkje på Stanley Jacobsen når eg høyrer tittelen.)

Foreningen !les har skapt eit ekstremt vellukka opplegg med Uprisen. Hundrevis av elevar får lese bøkene våre, og skrive anmeldelsar, og hundrevis av dei får kome til Lillehammer og bestemme kva for ei bok dei likar best. Håper ikkje dei blåblåblå klarar å øydeleggje dette tiltaket. Det hadde vore ei stor skam.

Det er veldig stas å bli nominert, men det hadde sjølvsagt vore kult å vinne ein gong, òg. Kanskje dei kan opprette ein ærespris? Nominert flest gonger? Eller noko slikt. Uansett så vann vi barnebokquizzen!