Foto: Julie Pike/Gyldendal

Foto: Julie Pike/Gyldendal

Bokkrise? Det er ei utbreidd kjensle av at heile bransjen står ved eit vippepunkt, og at ingen veit kor vegen går ­vidare.

Det sa Kjartan Fløgstad i eit foredrag han heldt ved Litteraturfestivalen på Lillehammer i slutten av mai. Foredraget er trykt som essay i Klassekampen. Foredraget er eit av mange innspel om bokbransjen den seinare tida. Fløgstad skriv:

Heile denne måten å produsera, gi ut og distribuera bøker på, bygger på eit blandingsøkonomisk kulturforlik i sosialdemokratisk ånd.

Ikkje berre politiske, men teknologiske endringar utfordrar dette forliket. I dag kjem pengar, tekst, musikk, ut på eitt, som tastetrykk og klikk inn og ut av den same elektroniske veven. I møtet med e-boka veit ikkje forlaga si arme råd. Tradisjonelle trivialsjangrar som krim og rosa romanar er flytta frå kiosken og inn på godt betalt pallplass i bokhandelen. I dette nettverket har den seriøse, papirbaserte litteraturen fått mindre å seia, rimeleg nok, men har samtidig kanskje større mytisk aura rundt seg enn nokon gong.

Som formidlar av litteratur er den trykte pressa ikkje lenger hegemonisk, kanskje heller ikkje dominerande. Bokklubbar og kultursider har ikkje lenger same makt til å dømma kunstverk nord og ned eller opp og fram. Etter kvart har det blitt uråd å veksla inn positiv omtale og gode kritikkar i bokhandelsal. Det som møter kundar på veg inn i ein bokhandel, er stablar av seriekrim, og rosa «løkkeskriftbøker.»

Fløgstad refererer andre kommentarar og artiklar om temaet og analyserer maktstrukturen i bokbransjen. Og spør:

Forlaga sel ikkje lenger bøker til lesarane, men til bokråd med kommersielt mandat. I det litterære systemet er dette ei avgjerande forandring. Vi snakkar her om streng kommersiell einsretting. Spørsmålet er om kommersialismen også får følger for innhaldet i og forma på litteraturen?

Vi må tenkje politisk, skriv Fløgstad, i essayet som du kan lesa på klassekampen.no