Ein av fire NBU-forfattarar (vel 25 %) lever av forfattarverksemda, mens ca 75 % har inntekter også frå anna arbeid. Det viser undersøkinga blant forfattarane som NBU gjennomførte i vår.

Likevel er det forfattarinntektene som er viktigaste inntektskjelda for mange. På spørsmålet «Hvor lenge har du levd av hovedsaklig forfatterrelaterte inntekter?» svarar ein av tre (33,3 %) at forfattarverksemda har vore hovudinntekta i meir enn 15 år. 17,4 % svarar 8-15 år, 11,6 % 4-7 år, 10,1 % 1-3 år. Mens vel ein fjerdedel (27,5 %) svarar at dei aldri har levd av i hovudsak forfattarrelaterte inntekter.

Les meir om resultata i undersøkinga:

NBU-forfattarar får mange oppdrag

NBU-forfattarar er tilfredse med forlaga sine