Årets bok skal granskast av den mest kritiske av alle lesarar, nemleg forfattaren sjølv.

Det er ikkje lett å fylgje opp ein suksess som Svarte-Mathilda. Men det ser ut til at Røssland har klart å skrive nok ei horribel bok for ungdom, med iskalde grøss og nervepirrande lesestunder for den som tør.

Akkurat som i serien om det demoniske spøkelset Svarte-Mathilda fortel også Glimt to parallelle historier. Vi møter to femten år gamle ungdommar, Jon og Solveig, som bur på vesle og forblåste Grovøy. Jon har nyleg flytta ut dit, og Solveig skal akkurat flytte inn til fastlandet sidan ho nettopp har blitt foreldrelaus. Dei har mykje til felles, Jon og Solveig, men dei er skilde i tid med nærare åtti år. Jon si historie går føre seg i vår tid, medan Solveig si startar i april 1940 – då tyskarane okkuperte Noreg. 

Solveig blir raskt gjort til tenestejente i sitt eige hus, og slepp å flytte. Noko ho er endelaust glad for. Dette blir ordna av den tyske kommandanten som overtek huset. Ho mister dermed gradvis kontakt med vennene og kjærasten, og føler seg svært åleine. Krigen blei mykje meir langvarig enn ho trudde, og dei andre på øya synest ho blir litt for gode vener med tyskarane.

Jon prøver å skaffe seg nye venner, men det er ikkje lett når orda heng seg opp i munnen, spesielt rundt nye og ukjende folk. Han kjem likevel i kontakt med eit rockeband som øver i ungdomshuset, og han forelskar seg grenselaust i Rebekka, som speler trommer i bandet. Men ingen av ungdommane tør å vere i ungdomshuset om kvelden. Seier dei dette berre på tull? Eller er det noko der? Jon må finne ut kva, og det som skjer er ikkje for lettskremte.

Dei to historiene funkar særs godt kvar for seg, og når dei gradvis snirklar seg mot kvarandre, og vi skjønar kva som er i ferd med å skje, blir det faktisk svært ubehageleg å lese. Og forfattaren har røpt at noko av det var ubehageleg å skrive, òg. Solveig opplever grusomme ting, og forfattaren legg ikkje fingrane mellom her. Dette kjem til å verke støytande på enkelte lesarar.

Men kva tyder eigentleg tittelen? Glimt? Dette er noko som lesaren skal få finne ut sjølv. Etterkvart som både Jon og Solveig kjem nærare ei slags forklaring byrjar det å utkrystallisere seg ei forferdeleg sanning.

Boka er både spennande og grusom. Men i tillegg er det noko menneskeleg og skjørt over dei to hovudpersonane. Det er truverdig og fælt å sjå okkupasjonen saman med Solveig, og korleis ho får oppleve både det verste og beste i andre menneske. Men kanskje aller mest i Jon klarer forfattaren å skildre det såre og vanskelege som mange tenåringar slit med: det å skaffe seg vener når ein er sosialt utfordra. Kapittelet der han ringer far sin for å få bu hos han i Stavanger, er både rørande og trist.

Men Røssland dveler aldri for lenge med sosialrealismen – det skulle tatt seg ut. Ekkel steming og mystiske karakterar i både fortid og notid skaper spenning og uhygge. Den fæle løytnant Steiner som terroriserer Solveig set djupe spor i lesaren, og ikkje minst Jon sine møte med demente gamle frøken Hansen er med på å gjere dette til ein isande grøssar.

Forfattaren har gjort ein del research rundt korleis krigen gjekk føre seg langs kysten, og at datoen for invasjonen på Grovøy er 11. april er slåande likt datoen tyskarane invaderte Utsira. Og det er jo Utsira som har inspirert denne boka, akkurat som med den dystopiske thrilleren Soledad. Men denne gongen har forfattaren tatt seg litt for store fridomar både med geografien og ikkje minst krigshistoria, så både tyskarar og lokalbefolkning er fullstendig oppdikta.

Sidan vi kjem så tett på hovudpersonane, oppelever vi det grufulle endå sterkare. Solveig sin skjebne og Jon si makteslause overfor det overnaturlege blir vår kamp mot våre eigne indre fiendar. Mange ungdommar, og vaksne, vil  nok kjenne seg igjen i desse menneska. Dette er kanskje den beste boka Røssland har skrive. Så langt.