Det er blitt ei ny greie at journalistar intervjuer forfattarene ved boklansering, i staden for å at dei gøymer seg bak skivepulten og anmelder bøkene utan å våge å møte forfattaren sitt blikk. Tøft av dei, eg likar ideen, og tenkte eg skulle kome dei i forkjøpet. Eg intervjuar meg sjølv.

Eg møter Røssland ein våt fredagsmorgon i slutten av august. Han sit på heimekontoret og trykker på tastaturet. Dette gjer han faktisk gjennom heile intervjuet, men eg vil ikkje vere frekk å kommentere det. Alle har sine greier. Han har eit kaffikrus det står Vandelay Industries på, og på pulten ligg det bøker og papir strøydd utover. Bak ein skrivebordslampe står det ein kosedyrversjon av Dumbo. Eg hoppar i det.

Du kjem med ny bok i desse dagar, korleis har det gått?

Ikkje verst. Den kom litt før tida og ser skikkeleg fin ut. Glossy omslag og endeleg passerte eg to hundre sider med god margin.

Du skriv ikkje så lange bøker, har eg merka.

Nei, eg gjer ikkje det. Eg tenkjer at bøkene mine skal kunne lesast på ein lang ettermiddag. Eg likar å sjå dei for meg som ein film. Eg tenkjer veldig visuelt når eg skriv. Du skal ha mykje å fortelje dersom boka di skal bikke tre hundre sider. Spesielt om du i tillegg skriv seriar.

Ja, for du har jo skrive to seriar. Først fire bøker for barn i Pode-serien, og så tre grøssarar om spøkelset Svarte-Mathilda. Kva er det med serieformatet som lokkar?

Eg vil ikkje seie at det lokkar, eigentleg. Det var mest tilfeldig at Pode blei på heile fire bøker. Dei er frittståande og kan lesast kvar for seg, omtrent i den rekkefølga du vil. Når det gjeld Svarte-Mathilda så fekk eg ideen til alle bøkene omtrent samstundes, og eg skjøna at dette ville bli for langt og omfattande til å gi ut som ei bok.

Du fekk litt kritikk for å hoppe for raskt i det i den første boka om Svarte-Mathilda. At du ikkje tok deg tid til å bli kjent med karakterane før det byrja hende grusomme ting?

Som eg sa tidlegare. Eg tenkjer bøkene som film. Kan ikkje bruke for mykje tid på detaljar som lesaren kan fylle inn sjølv.

Også boka di Soledad fekk kritikk for dette på ein blogg. Eg siterer: «Boka kunne godt vært lenger. Gjerne hvertfall hundre sider i samfunnsskildring, så ca hundre sider til på plott-twistene, og du begynner å nærme deg noe.» Kva har du å seie til dette?

Ikkje anna enn at bloggaren har beskrive nøyaktig den boka eg IKKJE ville skrive. Hundre sider på samfunnsskildring? Eit mareritt å lese slikt, synest eg. Kan ikkje vere stort betre å skrive det.

Svarte-Mathilda fekk også kritikk av ein bloggar for å fare med usanningar rundt bibliotekkartoteksystemet, sidan hovudpersonane kunne gå tjue år tilbake i tid å spore utlån.

Eg har sjølv jobba på bibliotek i ungdommen, det var null problem å finne ut kva folk hadde lånt. Sjølvsagt går alt på data no, men dersom biblioteket hadde teke vare på dei gamle kartoteka så ville det vore mogleg. Dette var altså det bloggaren valde å fokusere på i ei bok som handlar om demonar frå urtida. Jaja.

Men Svarte-Mathilda har også fått mykje skryt, og gjort det slik at du kan leve av å skrive. Har den ikkje?

Den har gjort det slik at eg leve av kombinasjonen å skrive og å reise på skuleturné.

Ja, for du reiser mykje rundt?

Ja, det gjer eg. I heile landet.

Og det likar du?

Ja, det er jo kjekt å møte barn og unge. Prøve å få dei interessert i litteratur.

Men tilbake til bøkene. Du fekk også gjennomgå litt på barnebokkritikk.no då boka di Gamer kom ut i 2011. Der anmeldaren meinte boka «suger». Og at moralen var heilt forkasteleg.

Eg hugsar ikkje ordlyden, men anmeldaren bar preg av å vere eldre enn meg, i alle fall til sinns. Han viste inga forståing for gaming, og hadde bestemt seg på førehand at boka skulle vere eit angrep på spelindustrien, og spelavhengighet. Noko den ikkje er. Derfor blei det nok litt vanskeleg for han å få boka til passe inn i hans personlege moralske kodeks.

Er de ofte slik at anmeldarar misforstår bøker?

Eg kan berre snakke om dei få som tar seg bryet med å skrive om mine bøker. Soledad fekk til dømes mange fine omtaler nåde i Dagens Næringsliv, på barnebokkritikk.no og Uprisen.no. Og desse set eg veldig stor pris på. Sjølv om eg eigentleg ikkje bør bry meg om kva dei synest, så er det veldig kjekt når anmeldarar forstår bøkene, og skriv godt om dei. Men i BT blei den slapt behandla, og anmeldaren hadde absolutt ikkje gjort jobben sin.

Kva meiner du?

Å kritisere ei bok fordi heltinna ikkje passa inn i anmeldaren sitt kvinnesyn, blir for dumt. Soledad var ein sterk karakter, men på slutten fekk ho hjelp av ein gut, noko som anmeldaren ikkje likte.

Men bør ikkje jenter i litteraturen vere sterke nok til å klare seg sjølv, då?

Det kan dei sjølvsagt vere. Alle tre bøkene om Svarte-Mathilda hadde sterke jenter i hovudrollene, og eine hovudpersonen i Glimt er jente. Men akkurat i mi bok så får Soledad hjelp mot slutten. Kvifor er det gale?

Ikkje spør meg. Eg er tilbøyeleg til å vera einig med deg.

Uansett så hadde ikkje BT-anmeldaren gjort jobben sin den gongen. Han påstod i tillegg at boka var den første i ein trilogi. Noko den ikkje er. Dårleg research.

Men boka blei nominert til Uprisen. Korleis var det?

Det var tredje gongen eg blei nominert, og tredje gongen eg ikkje vann. Gøy, men med bismak. Hadde vore kjekt å vinne ein gong. Uprisen er jo den viktigaste prisen for ungdomsbøker i heile verda. Gitt av ungdommen sjølv. 

Men til den nye boka di, Glimt, kva handlar den om?

Den handlar om to ungdommar. Jon og Solveig. Begge femten år. Begge bur på den vesle øya Grovøy. Jon i vår tid, og Solveig under krigen. Solveig blir på ein måte tvungen til å vere tenestejente for den tyske kommandanten på øya, og Jon er akkurat flytta ut til øya.

Dei er altså skilde frå kvarandre med mange, mange år.

Det stemmer. Men likevel er dei knytte til kvarandre på mystisk vis.

Ja, dette er jo ei bok ein ikkje bør røpe for mykje av. Det er ein spennande grøssar som bind saman to ungdommar på ein relativt ny måte. Eg kan ikkje hugse å ha lese noko liknande.

Nei, ikkje eg heller. Ideen fekk eg ute på Utsira, akkurat som med Soledad. Men denne gongen kunne eg ikkje bruke namnet Utsira, sidan sirabuen faktisk har ei krigshistorie som er veldig ulik den eg skriv om. Eg ville ikkje trakke på nokre tær medan eg skreiv.

Nokre scenar i boka er ganske drøye. Du er ikkje redd for at enkelte vil synast dette er spekulativt?

Ikkje redd for det, nei. Eg har alltid likt det spekulative. Eg likar filmar med mykje vald i, og eg kan like dei utelukkande på grunn av valden. Men Glimt er ikkje spesielt valdeleg. Mykje mindre enn Svarte-Mathilda, t.d.

Ja, det er den, men den er framleis nokså krypande og ekkel, til tider.

Takk for det!

Men Solveig sin skjebne er nokså grusom, utan å røpe for mykje, og kan nesten oppfattast som nettopp spekulativ?

Ja, ho opplever fæle ting, og det var sterkt å skrive om det så direkte som eg gjorde. Men eg opplever det ikkje som spekulativt. Eg arbeidde mykje med dei kapitla for å gjere dei så truverdige som mogleg, slik at lesaren skulle heie på Solveig og få medkjensle. I tidlegare utgåver av teksten så følte både eg og forlaget at eg gjekk over streken i skildringane. Målet var ikkje å skape avsky, men altså medkjensle. Så viss medkjensle er spekulativt, så er nok boka det.

Så du har altså sensurert deg sjølv? Er ikkje det litt feigt?

Nei, det er det ikkje. Det kallast redigering, og ikkje sensur. Sensur blir utført av nokre andre, i ettertid, slikt vi fann i Noreg før i tida når det gjaldt film, eller i Kina eller Nord-Korea. Å redigere bort noko som ein sjølv meiner er for drøyt er ein del av det å skrive denne typen bøker. Det gjeld å finne balansegongen mellom det som er akseptabel bruk av fæle hendingar, og det som blir for mykje. Med Glimt føler eg at eg balanserer på denne eggen, men aldri bikkar over.

Men du bikkar ikkje andre vegen heller, og blir snill?

Det er noko eg har bekymra meg for, for eg vil ikkje bli for snill. Eg meiner barn og ungdom fortener bøker som tar dei på alvor og som kan utfordre dei litt på akkurat dette. Barn tåler ekstremt mykje av både vald og dreping, og gjennom internett og speling så er dei vane til strerke inntrykk. På skuleturné merker eg ofte at elevar blir genuint redde for Svarte-Mathilda og spring ut av klasserommet. Då har eg gjort noko rett.

Kva aldersgruppe tenkjer du dette passar for?

Eg meiner det passer frå 9-10 år og oppover, men dette er veldig individuelt. Vaksne folk har fortalt meg at dei ikkje tåler å lese Svarte-Mathilda, og eg har lese for sjuåringar som elskar bøkene.

Det virkar nesten som du har høyrt på kritikarane, og gitt lesaren meir tid til å bli kjend med hovudpersonanen denne gongen. Stemmer det?

Eg har ikkje høyrt på kritikarane, men det er sant at både Jon og Solveig nok er meir komplette menneske enn det Elisabeth var i Svarte-Mathilda. Men også i Glimt skjer ting fort. Eg vil at lesaren skal oppfatte boka filmatisk. Lesaren må legge inn litt sjølv av sine eigne erfaringar. Ikkje få alt inn med teskei, slik som i mange andre bøker.

Du kjem stadig vekk inn på dette. Er dette noko du opplever mykje av i andre bøker? Du sit jo som leiar i Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd, og les dermed alle norske barne- og ungdomsbøker. Er det for mange for lange bøker der ute?

Både ja og nei. Nokre klarer veldig fint å fortelje historiene sine på eit fornuftig antal sider, medan andre bikkar glatt over fire og fem hundre sider. Dette er i dei aller fleste tilfella for langt. Du skal verkeleg ha mykje på hjartet for å forsvare noko slikt. 

Er det spesielle sjangrar som skil seg ut?

Eg likar ikkje å peike, og eg skal vere forsiktig med å uttale meg, sidan eg har teieplikt når det gjeld rådsarbeidet. Men fantasy-sjangeren er belasta med veldig lange bøker, nesten alltid i seriar, og ofte kunne det nok vore kutta litt her og der. Både i bøker som eg synest er knallgode, og dei mindre gode. For eg likar jo både fantasy og sci-fi, men eg ville til og med ha kutta kraftig i Tolkien, om eg hadde vore redaktøren hans.

Oi!

Ja, det kan du godt seie. Men Ringenes herre er for lang, i mine auge. For mykje skildringar, og alt for mange songar. Filmane er betre, synest eg, sjølv om eg elskar bøkene.

Eg trur vi lar den ligge, og går tilbake til Glimt.

Det er sikkert lurt. Men eg har til gode å lese ei skikkeleg lettlest, kort fantasybok. I eitt bind.

Har du noko bodskap i boka? Noko du vil fortelje ungdommen?

Nei. Eigentleg ikkje. Den einaste boka mi som har noko slikt er Soledad. Den er eit angrep på ein passiv miljøpolitikk, men det var ikkje alle som fekk det med seg.

Kvifor då, trur du?

Kanskje fordi eg ikkje seier det rett ut? Men fortel det gjennom augene til Soledad. Hundre prosent. Du må lese litt mellom linjene for å finne kritikken.

Angrar du på at du ikkje var tydelegare om dette i boka?

Nei. Absolutt ikkje. Eg likar ikkje så godt overtydelege bøker.

Så i Glimt ville du berre fortelje ei underhaldande og skremmande historie?

Ja, meir eller mindre. Du kan sikkert finne tematikk rundt dette med venskap, å overkomme hinder i livet, forelsking osv. Til og med litt om korleis Noreg behandla jenter som rota seg bort i tyskarane under krigen, men som alle mine bøker skal det først og fremst handle om mennesket. Nokon som vi likar å lese om, forhåpentlegvis, og som rotar seg bort i noko fælt.

Du har eit relativt lettlest språk i mange av bøkene dine. Både når du skriv bokmål og nynorsk. Er dette noko du jobbar mykje med?

Ja, det er det. Eg har gitt ut to lettleste bøker for ungdom tidlegare, Gamer og Snatch. Der var det endå meir gjennomført, med korte setningar, ingen lange ord og mykje luft på sida.

Nokre har kritisert dette, og seier det øydelegg flyten. Kva meiner du om det?

Dette blir nok oftast sagt av veldig erfarne lesarar. Dei som kanskje likar at bøker er over fem hundre sider, gjerne i seriar, og med lange tunge setningar. Eg skriv for ungdom, mange av dei har lite leseerfaring. Dei treng ofte bøker som er lettare å lese reint fysisk.

Men det er ikkje berre i dei lettleste bøkene dine dette dukkar opp?

Nei, eg har nok tatt med meg den skrivemåten inn i dei «vanlege» bøkene mine, også. Eg likar for tida å skrive slik. Det strammar historia opp, gjer det enklare å kutte vekk det som ikkje er vesentleg.

Så du kuttar mykje i bøkene?

Ja, det gjer eg. Glimt hadde fleire karakterar i utgangspunktet, og var mykje lenger. Eg spleisa nokre av karakterane og kutta mykje av detaljane og skildringane frå krigens dagar, og fekk til slutt ei mykje strammare historie. Eg likar når eg ser at endringane eg gjer, lager ei betre bok.

Vi nærmar oss slutten. Trur du at boka blir ein suksess?

Spørs kva du meiner med suksess? Eit andreopplag hadde jo vore kjekt. Men det er inga sjølvfølge.

Lykke til, i alle fall!

Tusen takk!

Huffda! Var ikkje det klippet litt drøyt, og ein smule spekulativt?

Jo, men det er slik vi forfattarar ofte tenkjer. I smular. Og spekulativt. Og vi hater å bli misforstått.

 

 

(foto: David Aasen)