«Eg vil ikkje vere pirat!» sa Jerry Seinfeld då han fekk på seg denne flotte skjorta. Men piratane i dag er ikkje så synlege, dei sit heime i skjul, for dei har ikkje noko anna val enn å bli nettopp piratar.

Entusiasten, filmelskaren, den serieavhengige som ikkje vil vente til favorittserien kjem på NRK, eller ut på Blu-ray. Dei som vil ha neste episode med det same den rullar over dei amerikanske tv-skjermane. 

I skrivande stund finst det ikkje noko alternativ dersom piratane ynskjer å fylgje med på dei nyaste tv-seriane frå USA. Dei kan sjølvsagt abonnere på HBO Nordic og Netflix, og kanskje ein av dei mange andre kabel- eller parabolleverandørane, men det blir litt som å abonnere berre på musikk frå Sony Music, eller ha eit filter på Spotify som berre slepp gjennom Bjørn Eidsvåg, eller Josh Groban. Det blir litt stusselig når ein ynskjer å høyre på både Frank Zappa og AC/DC på same spelelista. Utvalet som desse aktørane presenterer er mildt sagt magert. Den ulovlege tenesta Popcorn Time har mykje større utval, av både gammalt og nytt. Men det finst ikkje eit lovleg Popcorn Time. Popcorn Time er jo berre ein litt lettare måte å dele filer på, med ein meir brukarvenleg søkemotor. Alternativet til Popcorn Time er ei drøss med abonnement, og framleis får ein ikkje i nærleiken av eit like tilfredsstillande tilbod.

Heldigvis har ikkje Spotify mange begrensingar. Her kan du høyre nesten alt som finst av musikk, sjølvsagt med enkelte tåpelege unntak, som t.d Beatles. Tilkomsten av Spotify og liknande tenester har gjort at ulovleg nedlasting av musikk nesten er borte. Nokre av dei rikaste artistane har sjøvsagt trukke seg ut og vil tene meir pengar på musikken sin gjennom Tidal, deira eigen konkurrent til Spotify og liknande tenester. Dette er eit steg i feil retning. Det kan hende at artistane får for lite betalt for å bli streama, men løysninga er ikkje å trekkje seg ut. Då blir dei sjølvsagt lasta ned av Spotify-brukarar og integrert inn i vanlege spelelister. Vi må heller ikkje gløyme at dette er ein bransje som rasa av sinne mot opptakskassetten, (og etter kvart videoopptakskassetten), og spådde musikkens død. Det var vel ikkje slik at musikken fekk fleire lyttarar ved å ta opp kompisar sine plater? Nei, takk til piratane for at vi har fått Spotify! 

Når det gjeld film og tv så er stoda ei heilt anna. Film- og tv-bransjen i USA lever i si eiga boble. Og Rettighetsalliansen i Noreg er med på å oppretthalde denne. Ei boble som har stogga opp ein eller annan gong på tidleg åtti-tal. Då filmane først gjekk på kino i USA, så kom dei ut på betal-tv, etterfølgd av VHS og til slutt vanleg tv. Ei stund etterpå gjekk dei same runden i andre land i verda. Verda var delt inn i pene og pynteleg soner, der det var eit svare strev med å halde styr på rettighetar og premieredatoar. Dei som var filmentusiastar måtte berre føye seg, og ta det vesle dei fekk, når dei fekk det. 

(Rettighetsalliansen, seier du. Kven er det? Høyrest ut som eit vondt intergalaktisk imperium, Jo, det er ein paraplyorganisasjon for norske rettighetshavarar, som blant anna samlar inn IP-adresser til Popcorn Time-brukarane, og som i tillegg meiner at Blu-ray er framtidas format. Klarer nesten ikkje å skrive dette utan å le.)

Heldigvis kom Internett, og alt endra seg. Så snart ein film kunne digitaliserast kunne den leggjast ut på nettet. Og så snart DVD-en kom på marknaden, og folk byrja få raskare nett byrja piratane verksemda si. Ein skulle jo tru at bransjen ville følge etter? Endre litt på releasedatoar og mjuke opp regionssperrene? Men nei då. Berre små endringar har skjedd. Ein del filmar har no same releasedato på kino over heile verda. Storfilmar, sjølvsagt, ikkje dei små og uavhengige. Dette er det piratane som har fått til – det skal dei ha. No har faktisk storfilmar kanskje til og med premiere nokre dagar FØR i Noreg! Takk, Piratebay, seier eg. Dette har dei klart å tvinge gjennom. Kinobransjen innsåg at dei måtte gjere dette, elles så ville ikkje ein kjeft gå på kino i Europa. Kinobransjen var så desperate at dei til og med fekk liv i 3D formatet igjen.

Men framleis er det ein lang veg å gå.

Eg skal ta eit hypotetisk døme: Ein fiktiv person likar å sjå Game of Thrones, The Walking Dead og The Big Bang Theory. Kva må denne personen gjere i Noreg for å sjå dette rett etter episodane har gått på amerikansk tv? I skrivande stund kan han gjere som fylgjer: Han kan ha abonnement på HBO og få med seg Game of Thrones. Framleis står han utan dei to andre. Då kan han ha eit abonnement som inneheld FOX HD, og faktisk få med seg The Walking Dead berre to dagar etter USA-visning. Det er ikkje verst. Men framleis står han utan The Big Bang Theory. Dette viser ikkje TVNorge før ein månad og to etterpå. Ikkje lett dette her. Kva om han i tillegg likar The Blacklist og Hell on Wheels, og Falling Skies osv, osv. Kor mange abonnement må han ha? Og kor mange tenestar skal han måtte betale for? Og kor lenge må han vente for å få tilgang på dei nyaste episodane? 

Kor vanskeleg er det for dei amerikanske tv-kanalen å lage ein felles platform, som minner om den ulovlege tenesta Popcorn Time? Ikkje vanskeleg i det heile tatt. Men dei må gi slepp på nokre kjepphestar. Dei må slutte å dele verda inn i soner, og i staden for sleppe alt på same tida, overalt. Og dei må slutte å tenke ordet «eksklusivitet». Dei må slette det frå harddiscen. Internett er anarkistisk. Folk vil sjå det dei vil, når dei vil, og det verste av alt er at dei faktisk vil betale for det! Nedgangen i ulovleg musikknedlasting etter Spotify viser oss nettopp dette.

Piratane har pengar, og dei vil gjerne betale. Kanskje fleire hundre kroner i månaden for ei teneste som lar dei sjå alle dei seriane dei vil, når dei vil og korleis dei vil. Dei som kjøper mest DVD og Blu-ray er også dei som lastar mest ned. Dei har pengane, berre ingenting å bruke dei på! Tretten millionar er rekorden i antal nedlastingar på ein enkelt episode av Game of Thrones. Tenk om berre halvaparten av desse abonnerte på ei teneste til 200 kroner i månaden? 100 kroner i månaden? Det kunne blitt mykje pengar av dette.

Dei som meiner at nettet skal sperrast av for sider som Piratebay ser alt i svart-kvitt. Dei evnar ikkje å sjå gråtonane her. Det å laste ned ein film er ikkje det same som å stele ein bil. Det er som å låne ei bok på biblioteket. I prinsippet er det akkurat det same. Det er gratis og det har same kvaliteten som det å kjøpe boka. Ja, men biblioteket har jo kjøpt den, seier du! Ja, men nokon har også kjøpt den DVD-en dei har rippa, nokon har kjøpt eit Netflix-abonnement og valgt å legge ut episodane til andre etterpå. Dette er satt på spissen, men dei digitale media krever det av oss.

For å setje det meir på spissen. Piratjegarane samanliknar nedlasting med tjuveri, altså det same som å stele ein bil. Dette er tåkelegging, avsporing og forenkling av debatten. Sjølvsagt er det ikkje det same å ta ein bil. Den dagen du kan laste ned ein kopi av naboens bil, kanskje med ein litt mattare lakk, og litt slitte dekk, då har du ei brukande samanlikning. Naboen har framleis bilen sin, medan du har ein kopi – i litt lågare oppløysing. Dette er nytt, og vi må tenkje nytt. For piratane forsvinn aldri. Absolutt aldri. Den einaste måten å bli kvitt dei, er å gi dei eit betre alternativ. Ikkje like godt, men betre. Betre enn Popcorn Time. Betre enn å laste ned torrents manuelt. Det dei tilbyr piratane no, er førti tjue år gamle Ladaer, når dei ynskjer å kjøpe ein skinande ny Ferrari. Gjerne til full pris!

Eg drar det bittelitt lenger, eg. Eg vil faktisk dra det så langt som å seie at så lenge du har eit kabel- eller parabolabonnement, og i tillegg betaler NRK-lisens, så kan du laste ned så mykje du vil av amerikanske tv-seriar. Bruker vi dei tidlegare nevnte seriane, så har NRK rettar til å vise Game of Thrones, FOX har The Walking Dead og TVNorge har The Big Bang Theory. Alle dei andre seriane eg nevnte går på kanalar som er tilgjengelege i Noreg. Dersom du betaler for desse kanalane burde det vere opp til deg når du vil sjå seriane, og sidan kanalane ikkje viser det umiddelbart, må du finne dei på eiga hand. Og då synest eg du skal gjere nettopp det. Gjennom å stadig laste ned seriar, vil piratane til slutt tvinge tv- og filmbransjen til å tenke nytt. Dei vil måtte bli einige om ein platform, som Spotify, som funkar både for film og tv.

Når vi snakkar om seriar og filmar som ikkje ein gong er tilgjengelege i Noreg, eller Europa for den saks skuld, då er det i alle fall fritt fram. Korleis kan ein stele noko frå naboen, som naboen ikkje har?

Til og med HBO innrømmer at piratane er eit gode. HBO er kanskje den største aktøren på denne marknaden, som produserer seriar som nettopp Game of Thrones, og som tidlegare har gitt oss både Sopranos og Boardwalk Empire. Då sjefen for Time Warner (som eig HBO), Jeff Bewkes, fekk høyre at Game of Thrones var det mest nedlasta programmet på tv, innsåg han den enorme marknadsføringsverdien i dette og uttalte: «Dette er betre enn å vinne ein Emmy!» Sjølvsagt er det det. Piratane er med på å skape buzz om seriar og filmar. Dei bloggar og twitrar, noko som gjer at fiktive hendingar i Game of Thrones dukkar opp som avisoverskrifter over heile verda. Dette hadde aldri skjedd om serien berre gjekk på tv. 

I tillegg så gjer dei oss ei stor teneste som rettighetshavarane sjølv ikkje klarer, nemlig å tilby ein enorm katalog av gamle og halvgamle filmar og tv-seriar. Ting som har gått ut av databasen til Netflix, men som framleis har ein stor filmhistorisk verdi. Folk kjøper jo nesten ikkje fysiske kopiar lenger. Så kor skal dei få tak i dette om ikkje ulovleg på nettet? Bransjen veit om dette, men bryr seg ikkje. For dei handlar ikkje dette om å tilby kundane eit breitt utval av både nytt og gammalt. Det handlar om pengar, kort og godt. Og dei blir sure når dei veit at dei må bli einige med konkurrentane sine for å få dette til. 

Å tvinge Telenor til å stenge Piratebay er sensur. Uansett korleis du ser på det. Piratebay er ein søkemotor, akkurat som Google. Du kan søke på akkurat same tinga i Google, td. «Game of thrones s01e01 torrent», så vil du faktisk finne fleire linkar via Google, enn Piratebay. Forskjellen er at Piratebay har spesialisert seg på å finne torrentfiler, medan Google finn ein del andre ting i tillegg. Ikkje berre er det fullstendig nyttelaust å stengje Piratebay, det er sensur av eit Internett som burde vore fritt. Det blir litt som om å ha ei vakt ved sida av postkassa, som sjekker om du får post som bryt lova. Eller sensur, som eg likar å kalle det. 

Eg vil slutte å kalle dei som lastar ned ulovleg for piratar, men heller fridomskjemparar, motstandsfolk og heltar! Dei blir kjeppjaga av filmindustrien for å gjere jobben deira for dei. Ein grådig bransje som fortener å gå på trynet om dei ikkje skjerpar seg. Ein bransje som hyler og skrik over kor mange tilsette som mister jobben sin pga nedlasting. Korleis våger dei å leggje skulda for dette over på kundane sine? Ja, eg kaller dei kundar sidan det er dei same menneska som også er dei beste betalande kundane deira. Filmbransjen er i tillegg veldig bekymra for at den smale filmen forsvinn pga nedlasting, dei har rett og slett ikkje råd til å produsere dei lenger. Dette har dei skuld i sjølv. Stadig vekk knuser Hollywood sine eigne publikumsrekordar, folk bruker sine siste surt tente dollar og sender superheltfilmar gong etter gong opp på kinotoppen. Kva med å bruke overskotet til nokre små og smale filmar innimellom?

Dersom bransjen er bekymra for oppseiingar, så veit dei sjølv løysinga: Lag eit alternativ som knuser Popcorn Time ned i støvlane. Inntil det skjer håper eg motstandsfolka held fram med å laste ned ulovleg, så kan vi håpe at bransjen kjem ut av steinaldergrottene sine, og faktisk tilpassar seg. Det er på høg tid.