Lettlesbøker blir tema på NBUs medlemsmøte 16. oktober. Der skal eit panel drøfte spørsmål som: Lettlest eller lettvint? Betre enn sitt rykte? Eller har bøkene eigentleg dårleg rykte? Korleis vurdere den litterære kvaliteten? Gode og dårlege lettlesbøker? Fremjar dei eigentleg leselyst og glede over litteraturen? Kva er ei lettlesbok i forhold til ei «vanleg» barne-/ungdomsbok? Behovet? Marknaden? Forlagssatsinga? Lettlesbøker og innkjøpsordninga?

I panelet sit Pia Larsen (Cappelen Damm), Tor Arve Røssland (NBUs litterære råd), Eldrid Johansen (forfattar) og ein representant frå Leser søker bok

Alf Kjetil Walgermo har skrive artikkel til det nye NBU-skriftet som bli lansert på medlemsmøtet. Han vil halde foredrag om same tema: Å finne si indre tenåringsjente.

På årsmøtet i vår vart det vedtatt å setja ned ei aksjonsgruppe som skal arbeide for å gjera bøkene våre meir synlege. Gruppa er i gang med arbeidet, på medlemsmøtet fortel dei om aksjonen og kjem med tips til andre.

Her er programmet for møtet:

15.30 Dørene blir opna, kaffi m.m.

16.00 Velkomen v leiar Ingvaldsen, ev møtesaker

16.30: Alf Kjetil Walgermo: Å finne si indre tenåringsjente

17.10: Arbeidet for å gjera bøkene våre meir synlege. Rapportar og tips frå Aksjonsgruppa for mangfald i bokhandlane

17.40- 18.00 Pause

18.00 – 18.45 Lettlesbøker: Kva er ei lettlesbok? Kva med den litterære kvaliteten? Panelsamtale med Pia Larsen (Cappelen Damm), Tor Arve Røssland (NBUs litterære råd), Eldrid Johansen (forfattar), representant frå Leser søker bok

18.45: Pause mens bordet blir dekt

19.30: NBU-prisen

Mat og fest