Summary in English: A snapshot from Førde, Norway, capturing three Norwegian artists specialising in drawing: graphic and musical artist Oddvar Torsheim (b. 1938) with Egil and Svein Nyhus (b. 1962), twin brothers and illustrators touring primary schools in Sogn og Fjordane County with their drawing show.

Denne hausten er tredje året To menn reiser omkring i Sogn og Fjordane med teikneshowet sitt. No går turnébussen til skular i mellom anna Sunnfjord.

Toppmøte

Artistlivet er utruleg kjekt. Ikkje minst når folk og natur syner seg frå si beste side heile vegen. Som i dag:

Då brørne svinga innom Førde i finvêret, høvde det seg slik at dei møtte eit levande landemerke på parkeringsplassen: kunstnarlegenden Oddvar Torsheim! Det vart smil og smisk og eit minnerikt halvminutt for kjendissvoltne tvillingar. Vestlandet på sitt beste!

Reprise

I samband med triomøtet på asfalten i Førde gjentek bloggen eit blinkskot frå 2014: Ein sjølvi av brørne med ein trippelgjengar frå ein Luster-skule.

Fleire biletrapportar frå Sogn og Fjordane:
Støttennar 2013
Stad med artistnamn 2013
Trillingar 2014
Egg og ananasar 2014
Mjølk og badeenglar 2014
Fjordidyll 2015

Sjå òg:
Teikneframsyninga «To menn og ei tavle»
Avisteikningane og biletbokillustrasjonane til Egil
Illustrasjonane til Svein