Foto: Caj Forst-Klingenberg/Nordisk råd

Foto: Caj Forst-Klingenberg/Nordisk råd

Alberta Ensten och uppfinnarkungen av Malin Klingenberg er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, som skal delast ut seinare i haust.

Mor til Alberta Ensten er forskar og oppfinnar. Ho har lykkast med å konstruere eit flygande hus som går på ein kombinasjon av sol- og skyenergi. Det hemmelege hushelikopteret er bidraget til Albertas mamma i den store oppfinnarkonkurransen. Alberta er passe flink på skolen og tar passe mye plass. Men ho utmerkar seg på grunn av store briller og ein tannregulering som er dekorert med gnistrande diamantar. Den blyge Tor med dei snille augo har lenge vore forelska i Alberta, og blir enda meir interessert etter at ho har fått dei nye brillene og tannreguleringa. Da Alberta gløymer lommeboka i matbutikken, spring Tor etter henne til huset er ho bur. Ingen opnar når han bankar på, så han går rett inn. Like etterpå løftar heile huset seg frå bakken.

Juryen skriv om boka og forfattaren:

I Malin Klingenbergs bok er det barna som er mer foretaksomme, klarsynte og medmenneskelige enn de voksne. Uten å mene noe vondt, er de voksne glemske, godtroende og litt selvopptatte, mens barna må sørge for at alt ordner seg på finurlig vis til slutt i eventyret. Klingenbergs innlysende kjønnsbevissthet oppleves som moderne, samtidig som Ida-Maria Wikströms grafiske illustrasjoner bidrar til bokens tidløse uttrykk. Forfatter og illustratør lykkes godt med å skape en lekenhet som gjør boken humoristisk og lettlest. Det godt bearbeidete språket gjør denne boken til en utmerket høytlesingsbok som både barn og voksne kan få noe ut av.

Malin Klingenberg bor på Åland. Hun har skrevet flere bøker for barn og ungdom.

Les om dei andre nominerte:

Nominerte frå Noreg og frå det samiske området:

Nominert frå Færøyane:

Nominerte frå Sverige:

Nominerte frå Danmark:

Nominert frå Grønland: