Både Ena forlag og Mangschou forlag har nyleg tilsett nye barne- og ungdomsbokredaktørar.

Fredrik de Fiore/Foto: Ena forlag

Fredrik de Fiore/Foto: Ena forlag

Fredrik Di Fiore er tilsett som redaktør i 100 % stilling i Ena forlag, frå før har dei Ellen Seip som redaktør. Fredrik Di Fiore har 10 års erfaring som barnebokredaktør, fra Gyldendal og Cappelen Damm.

Forlaget vart etablert i 2014, og gjev ut barne- og ungdomsbøker i papirutgåve og i digital utgåve.

«Fredrik Di Fiore og Ellen Seip utgjør til sammen en vesentlig kompetanse og erfaring. Ansettelsen mer enn dobler vår redaksjonelle kapasitet og gjør at vi markerer posisjon i bransjen,» sier forlegger Kristin Jobraaten.  Johanne_Hille-Walle

Også barne- og ungdomsforlaget Mangschou forlag har fått ny redaktør, Johanne Hille-Walle (f. 1981) er tilsett i fast stilling som forlagsredaktør frå august 2015.

Johanne er fødd og oppvaksen i Bergen, har ein master i litteraturvitskap og har sidan 2008 vore redaktør i Schibsted forlag. Ho har også arbeidd som bokhandlar i Norli Nye Sandvika.