Foto: Lars Myhren Holand/Gyldendal

Foto: Lars Myhren Holand/Gyldendal

Siri Pettersen  er tildelt Bokhandlerestipendet 2015. Stipendet vart delt ut under Barnebokkonferansen i Oslo torsdag.

Her er grunngjevinga frå NBUs litterær råd som innstiller til stipendet:

Siri Pettersen debuterte i 2013 med boka Odinsbarn. Boka blei ein umiddelbar suksess både hos lesarar, bloggarar og kritikarar, og ikkje minst hos oss i NBUs litterære råd. Pettersen har klart det kunststykket å skape ei fantasiverd som er hundre prosent truverdig. Det er ingenting som skurrar, absolutt ingenting. Ho inviterer lesaren inn i sitt univers og krev at du set deg inn i korleis det heile fungerer, og når du har gjort det, står store lesaropplevingar for døra.Odinsbarn_productimage

Odinsbarn slutta brått, og lesarane hungra etter meir. I 2014 kom oppfølgaren, Råta, og Pettersen viste at ho ikkje hadde falt for freistinga å skrive same boka om igjen. Råta fortel vidare om dei same hovudpersonane, men verda deira er snudd på hovudet og nye utfordringar står for døra.

Pettersen har ein språkleg tryggleik som ikkje er vanleg å spore hos så ferske forfattarar. Ho losar oss gjennom den omfattande forteljinga ho har skapt med presisjon, innleving og solid kunstnarisk tyngde. Om det er skildringar eller dialogar så meistrar denne forfattaren det.

Første boka har vunne fleire prisar, og har vore nominert til endå fleire, og serien er allereie selt til utlandet. Siri Pettersen er ein av dei forfattarane vi i Det littærere rådet verkeleg har store forventningar til. Ikkje berre til den avsluttande boka i den pågåande Ravneringene-trilogien, men også til framtidige verk.