Foreningen !les har sett i gang ein ny leseaksjon, denne gongen med nynorsk for 7. klassingar. Leseaksjonen vart lansert under Nynorskkonferansen i Bergen torsdag.

Leseaksjonen «Tid for ti» skal vise fram breidde og kvalitet i nynorsk litteratur for elevar på 7. trinn.

svarte-mathildaHovudinnhaldet i «Tid for ti» er ein antologi med utdrag frå nynorske bøker skrivne for målgruppa. Opplaget er på 15 000 eksemplar og blir sendt til påmelde skular i januar 2016. Til aksjonen følgjer også ei eiga nettside med tekstane digitalt, lydfiler, aktivitetar og lærarressursar. I tillegg til Foreningen !les er Nynorsksenteret og Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane sentrale aktørar i utforminga av prosjektet.

– Målet vårt er å presentere nynorske kvalitetsbøker for elevar på 7. trinn. Vi vil vise fram dei gode bøkene som finst og håper det vil motivere elevane til å lese meir. Samtidig legg vi til rette for at lærarane kan bruke nynorsk samtidslitteratur aktivt i klasserommet, seier Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les.kjære søster

Undervegs i leseperioden skal elevane få høve til å seie si meining om bøkene utdraga er henta frå. Tilbakemeldingane frå elevane vil vere avgjerande for kva slags bøker som eventuelt blir med neste skuleår.

– Det er viktig å gi elevane eigarskap til litteraturen. Vi tek sikte på at dette blir ein aksjon som vil etablere seg på 7. trinn. Det er eit behov for litteraturtiltak for denne målgruppa, og spesielt med fokus på nynorsk. Kompetansemåla legg vekt på at elevane skal lese eit breitt utval av tekstar på bokmål og nynorsk. Samtidig kan aksjonen vere ein nyttig inngang til ungdomsskulen, seier Burås Storø.

hjarteklapp«Tid for ti» vil innehalde utdrag frå følgjande bøker:

Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle, Samlaget
Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag, Samlaget
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland, Samlaget
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo, Cappelen Damm
Drakeguten av Asbjørn Rydland, Samlaget
Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim, Samlaget
Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund, Mangschou
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl, Samlaget
Rekrutten, grafisk roman av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton & John Aggs, Samlaget
Veslebror ser deg av Cory Doctorow, Samlaget