På medlemsmøtet i NBU i oktober var lettlesbøker eit tema. I etterkant har vi fått melding frå tidlegare NBU-leiar Kari Sverdrup, som lurer på om det vera litt uklart omkring omgrepa «lettles» og «tilrettelagte» bøker – og innkjøpsordninga.  Ho viser til følgjande vilkår som gjeld for at ei bok skal kunne bli kjøpt inn:

 

NY LITTERATUR:

  • Bøker utgitte av nolevande forfattarar. Ein forfattar kan i utgangspunktet berre melde på ei bok for vaksne og ei bok for barn og unge per kalenderår. Forlaget kan søkje dispensasjon frå denne regelen i forkant av den første utgivinga. Posthum-regelen seier at bøker av forfattarar som har døydd i løpet av dei to siste åra, òg kan meldast på
  • Omarbeidingar av tidlegare utgitte bøker når dei står fram som i hovudsak nye verk. For dikt- og novellesamlingar kan under halvparten av innhaldet vere trykka tidlegare, men utgivinga skal vere eit heilskapleg litterært verk.
  • Dersom eit originalverk kjem ut som p-bok og e-bok innanfor same kalenderår, skal søknaden gjelde innkjøp av begge formata.
  • Gjendiktingar av lyrikk til norsk vert rekna som originalverk.

 

NORSK LITTERATUR:

  • Bøker utgitte på bokmål, nynorsk og dialekt.
  • Bøkene kan vere omsette til norsk så lenge originalutgåva kjem ut i Noreg.
  • Tospråklege utgivingar på norsk og eit anna språk.

 

SKJØNNLITTERATUR:

  • Ei utgiving skal vere eit heilskapleg skjønnlitterært verk. Dette gjeld også biletbøker og andre bøker med rikeleg visuelle innslag.
  • Romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, biletbok, dramatikk, filmmanus og tv-manus.
  • Lettlest litteratur blir handsama som andre bøker under ordninga. Tilrettelagt litteratur for lesesvake (med enkelt innhald) vil ikkje bli handsama under ordninga. Søknader om støtte til slike verk blir handsama av Fagleg utval for litteratur. Forlaget skal nytte fristar og skjema for Prosjektstøtte – litteraturtiltak. Dersom ei bok får tilskot, vil forlaget og forfattaren få tilskot etter betalingsmodellane, og forlaget skal sende bøker til Biblioteksentralen som distribuerer vidare til norske folkebibliotek.
  • Ein forfattar kan i utgangspunktet berre ha påmeldt ei bok for vaksne og ei bok for born og unge til innkjøpsordninga kvart kalenderår. Forlaget må sende ein grunngjeve søknad om dispensasjon frå denne regelen i forkant av den første utgivinga. Tilrettelagt litteratur med enkel tekst kan vere ein grunn til å søkje dispensasjon. «