Einar Økland vart tildelt Brages heidersspris under utdelinga tysdag kveld. Torun Lian og Øyvind Torseter (ill.) fekk prisen for beste barne- og ungdomsbok med Reserveprinsesse Andersen.IMG_1657

Dei andre vinnarane var Lars Saabye Christensen for Magnet i klassa Skjønnlitteratur, Kjell Ola Dahl for Kurerer i Open klasse, som i år var krim og Morten A. Strøksnes for Havboka i klassa Sakprosa.

75-åringen Einar Økland frå Sveio har ein mangslungen produksjon bak seg, nærmare 80 utgjevingar har det vorte sidan debuten i 1963. I grunngjevinga frå juryen heiter det at Økland er ein av dei  få forfattarane som kunne ha vore nominert i samtlege klasser.

«Gjennom et langt forfatterskap har han vist seg som en av våre beste lyrikere, dramatikere, barnebokforfattere, ungdomsbokforfattere, novellister, essayister, romanforfattere og sakprosaforfattere,» seier juryen.

Det blir også trekt fram rolla hans som formidlar av litteratur og konsulent for ei rekkje norske forfattarar.

Torun Lian si bok Reserveprinsesse Andersen vann i klassen for barne- og ungdomsbøker. Boka, som er illustrert av Øyvind Torseter, er andre bok om Alice Andersen. Den sjenerte skolejenta gruer seg til klassen skal framføre eit skodespel framfor foreldre, besteforeldre og søsken.

«I rollen som prinsesse er Alice en dårlig vinner. Men som litterær figur er hun ganske uimotståelig,» meiner juryen, som også peiker på kvalitetar ved bokas mørke humor.
Les meir om boka på nrk.no.

Alle prisane vart delt ut av kulturminister Thorhild Widvey.

Alle dei nominerte i 2015

Barne og ungdomsbøker

Kjartan Hjulstad: Minnesota og støvet (Gyldendal)

Ayse Koca: Yoko Onur – et balleliv (Omnipax/Dreyers)

Heidi Sævareid: Slipp Hold (Mangschou).

Torun Lian/Øyvind Torseter (ill.): Reserveprinsesse Andersen.

Skjønnlitteratur
• Lars Saabye Christensen; Magnet, Cappelen Damm
• Hanna Dahl: Rønneimperiet, Gyldendal Norsk Forlag
• Inger Elisabeth Hansen: Å resirkulere lengselen, avrenning foregår, Aschehoug
• Anne Oterholm: Liljekonvallpiken, Forlaget Oktober

Åpen klasse: krim
• Kjell Ola Dahl: Kureren, Gyldendal Norsk Forlag
• Frode Granhus: Kistemakeren, Vigmostad Bjørke
• Lars Lenth: Brødrene Vega, Kagge Forlag
• Jo Nesbø: Mere blod, Aschehoug

Sakprosa
• Åse Brandvold: En flukt som aldri tar slutt, Forlaget Manifest
• Guro Hoftun Gjestad: Storbarnsliv, Forlaget Oktober
• Arne Schrøder Kvalvik; Min fetter Ola og meg, Kagge Forlag
• Morten A. Strøksnes: Havboka, Forlaget Oktober