Eg hadde ein gong ein plan om å skrive ei barnebok om omskjæring av gutar. Ei lita biletbok som skulle sjokkere og irritere var planen. Fordi omskjæring av gutar er nesten ikkje snakka om, det er liksom heilt greit å kutte vekk forhud og 20 000 nerver på heilt uskuldige babyar. Eg har gjort mykje research rundt tema, og enda med at denne artikkelen var den beste. Den er gammal, faktisk frå 1975, og den er lang, men den forklarer veldig godt kva omskjæring er, kvar det kjem frå og kvifor det bør bli forbode. 

Artikkelen kan best oppsummerast slik: omskjæring er ein urgammal skikk, som gjekk ut på å gjere barn til vaksne. Jentene mista den beskyttande kappa over klitoris, og gutane mista forhuda. Faktisk var inngrepet mindre på jentene, reint praktisk sett. Inngrepet skulle fjerne «det mannlege» hos jentene, og det «kvinnelege» hos gutane. I teorien, altså. Andre folkeslag praktiserte omskjæring fordi dei budde i ørkenen, og det var så plagsomt med sand inni tissen. På gutar har skikken vore nokså lik, sjølv om det har vore ulik mengde som blei kutta. Hos jentene har diverre enkelte gått heilt berserk med kniven og fjerna det som fjernast kunne. Dette har med rette blitt kalla kjønnslemlesting. Men det er ikkje all omskjæring av jenter som kjem inn under denne overskrifta.

Dette har kome inn i religionane etter kvart, dei har vore glade i skikkar som kan kue folk, spesielt hos jødane, som «må» utføre det den åttande dagen etter fødsel, og hos muslimane som ikkje er så nøye på når, og heller ikkje så nøye på kor mykje som skal kuttast.

Det mest skremmande er likevel korleis omskjæring av gutar er normen hos heilt vanlege amerikanarar. Hos dei byrja dette som ein metode for å hindre at gutar fikla med seg sjølv. Det kan faktisk sporast tilbake til blant andre brødrene Kellogg. Kristenfanatikarar og helsefrikar som idag har namnet sitt på Corn Flakes-pakkar over heile verda. Dei likte ikkje at tissen var naturleg. Tissen skulle ikkje nyttast til eigenglede, berre til tissing og eit par gonger i livet til reproduksjon. Utruleg nok har det likevel etablert seg som normen i USA, og ekstremt mange amerikanarar er omskjært. Ironisk nok er USA også det landet som nyttar heilt klart mest Viagra. Saman med Israel. Hmmm? Er det ein samanheng her? Er dette også grunnen til at dei tilsynelatande er så glade i våpen, bombing og krig? Kompenserer dei for noko? Slike ting kan eg tillate meg å spekulere i, eg som diktar historier.

Det har ingen medisinske fordelar å omskjære gutar. Absolutt ingen. Det er ekstremt smertefullt. Det kan føre til kraftige infeksjonar. Det fører til nedsatt kjensle resten av livet. Det er større sjanse for ereksjonsproblem. Det er stor sjanse for deformert kjønnsorgan. Det er ikkje meir hygienisk. Det hindrar ikkje spreiinga av HIV, (eller andre kjønnssjukdomar) sidan babyar ikkje er seksuelt aktive. Og det er ein sjanse for at barnet kan døy av inngrepet. Tross alt, ei omskjæring er faktisk å omgjere eit indre organ, til eit ytre organ. Eit organ som ikkje lenger får den naturlege beskyttelsen av forhuda, men som ligg og gnissar inni underbuksa – alltid. Absolutt alltid. Du treng ikkje vere lege for å skjøne at tissen blir relativt hardfør av slik behandling. Og hardfør fører ikkje til «hard», for å seie det slik. Men det fører til mindre peniskreft, seier nokre. Ja, skjær av deg nasen, så får du ikkje kreft der heller.

Eg tenkte å skrive om dette. For barn. I ei biletbok. Men fekk det ikkje til. I Noreg er det ingen som omskjærer seg av samme grunn som i USA. I Noreg er det berre jødar og muslimar som får dette overgrepet utført på sine barn. Eg ville ikkje skrive ei bok som angreip muslimar, og i alle fall ikkje jødar. Nokre av mine favorittmenneske er jødar: Woody Allen, Paul Auster, Steven Spielberg, Geddy Lee og Larry David, berre for å nemne nokre yttarst få. Dei lagar god kunst alle saman. Artikkelen eg linka til øvst er faktisk skrive av jødiske George Wald. Omskåren nobelprisvinnar som omskjærte ungane sine, men som fekk eit anna syn etter kvart.

Skulle eg skrive om dette i Noreg, for norske barn, ville det bli ei lite relevant bok om eg ikkje angreip jødane og muslimane, derfor skrinla eg heile prosjektet og tenkte at kanskje ein eller annan amerikanar får same ideen. Dei kunne verkeleg trenge ei oppvaking. Det kunne vi forsåvidet her i landet også. Omskjæring av gutar er barbarisk og burde hatt 18-årsgrense. At foreldra sin religion skal få overkjøre barnet sine rettar er kvalmande i mine auge. Religionsfridom, kallar dei det. Men for kven? Ikkje for barnet, i alle fall. Dei er brennmerka for livet av foreldra si overtru. Skammeleg.