Grøssarboka mi Glimt er nominert til Uprisen, saman med Mumiens mysterium av Tom Egeland, Evna av Siri Pettersen, #alfahann av Jan Tore Noreng og I morgen er alt mørkt – Marlens historie av Sigbjørn Mostue.

Tre av desse bøkene er i serie. To er frittståande (i alle fall mi bok). Fire er skrivne av menn – éi er skriven av ei kvinne. Fire er på sidemål – mi er på hovudmål. Tre av bøkene er det vi kan kalle fabelprosa, ei minner litt om Indiana Jones. To av bøkene har mindre enn fem bokstavar i tittelen, medan éi har 29 – og éi har til og med # i tittelen. To av forfattarane er frå Nord-Noreg. Ein er vestlending. Dei to andre frå aust ein plass. Og ein av forfattarane har ikkje hår – medan ei har langt hår.

Eg føler alle er representert – ingen grupper treng boikotte utdelinga.

Dette er fjerde gongen eg er nominert til Uprisen, og kanskje denne gongen vil det gå min veg? Det er veldig sterk konkurranse i år, og veldig vanskeleg å spå kva veg det kjem til å gå. Eg er glad eg ikkje skal bestemme dette. Dette er ungdommane sin pris, noko eg set veldig stor pris på. Vaksne forståsegpåarar kan berre gå og leggje seg – ungdommen har talt.

Prisutdelinga skjer på Lillehammer 26. mai i år. Eg kjem til å vere der.