Sidan eg skriv barne- og ungdomsbøker, og ikkje klarer å definere meg sjølv som hundre prosent vaksen, så identifiserer eg meg ofte med barn. Det kan skje når eg les ei bok, men den er alltid filtrert gjennom ein vaksen forfattar og er dermed ikkje hundre prosent ærleg. Det kan skje når eg les opprivande nyhende om barn som blir misbrukt, forfulgt eller drept, men dette er ofte for fælt å forholde seg til. Men aller sterkast er det når eg ser knallgode barneskodespelarar på film eller tv. Eg skal prøve å gjere greie for nokre av dei som har påvirka meg mest.

Aller nyaste barnetaletentet eg har sett er Jacob Tremblay i den veldig spesielle filmen Room (2015). Tremblay speler fem år gamle Jack, som heile livet har vore innstengt i eit lite rom saman med mor si. Han veit svært lite om verda utanfor, den eksisterer berre på TV. Brie Larsson som speler Ma blei kidnappa som 17-åring, og har vore i rommet i sju år. Ein grusom skjebne, men på ein eller annan måte så er Jack «lukkeleg», det er først når mora byrjar å fortelje at det faktisk finst andre menneske utanom dei to, og kidnapparen, at kjenslene hans byrjar å gå både høgt og lågt. Dei klarer å komme seg ut av rommet, og blir gjenforent med familien til Ma.

Det som gjer denne filmen så ekstremt god er først og fremst Jacob Tremblay (f. 2006). Han er rett og slett heilt fantastisk god, både som den forvirra og virkelighetsfjerne guten som er innestengt, men kanskje aller best når han kjem ut i verda og må lære seg alt. Små ting som å gå i trapper, og store ting som å begripe ein enorm blå himmel. Det er overveldande for både guten og mora.

Filmen er frykteleg rørande, men aldri klissete, den er spennande utan noko action, og den er frykteleg trist. At eit barn må gjennomgå dette gjer vondt å tenkje på. Og heile denne filmen er sett ut frå Jack sin synsvinkel. Vi får ikkje vite noko meir enn han, men vi har sjølvsagt våre vaksne referansar som han ikkje har.

I klippet under mottar han Critic´s Choice Award for beste unge skodespelar for 2015, der han blant anna fortel kva han skal gjere med statuetten. Blir du ikkje sjarmert av dette er du ein murstein:

Room var kanskje ikkje klissete og sentimental, men det kan eg ikkje lova vidare. Første store film eg såg der barn verkeleg gjorde inntrykk var nok E.T. The Extra Terrestrial (1982). Steven Spielberg sin fantastiske film om Elliott som får besøk av eit romvesen. Han prøver å skjule E.T. for familien, men etter kvart er både veslesyster og storebror involvert, og det går i tillegg opp for oss at E.T. sjølv er eit barn. Henry Thomas, Robert Macnoughton og Drew Barrymore speler dei tre syskena, og scenen der Elliott og E.T. seier farvel er ikkje berre rørande, men noko av det beste eit barn har gjort på lerretet:

Steven Spielberg er i særklasse god til å få det beste ut av barneskodespelarane sine, sjå berre på Christian Bale i Empire of the Sun (1987) og alle barneskodespelarane i Jaws (1975), Jurrasic Park (1993), Artificial Intelligence A.I (2001) og War of the Worlds (2005). I Close Encounters of the Third Kind (1977) brukte Spielberg og crewet nokså spesielle metodar for å få reaksjonane til fire år gamle Gary Cuffey til å verke så naturlege som mogleg. Dei kledde seg ut og overraska guten med tull og tøys. Hopp til 1:50 i klippet og sjå sjølv:

Imponerande barneroller finn vi også i filmar som The Sixth Sense (1999) der Haley Joel Osment er livredd for spøkelser.

Anna Paquin vann faktisk Oscar for rolla si i The Piano (1993). 

Abigail Breslin gjorde ein fantastisk jobb i Little Miss Sunshine (2006).

Barn treng ikkje berre spele snille roller, heller. Linda Blair gjer inntrykk i The Exorcist (1973), der ho er besett av ein demon. Og Macauley Culkin speler psykopat i The Good Son (1993). Best hugsar vi jo han frå Home Alone 1 og 2. Veldig rart og litt kult å sjå han som barn med mordariske tendensar.

Nokre av desse barnestjernene forsvinn, medan andre held fram med skodespelarkunsten, med større og mindre hell. Nokre ser du med ein gong kjem til å nå langt. Eg gløymer aldri då eg såg Leon (1994) på kino, der tolv år gamle Natalie Portman viste at ho allereie då var eit megatalent:

Leon er ein film som rører borti nokre nifse tema rundt barns uskuld, og Natalie Portman potretterer foreldrelause Matilda slik at ein kan få klump i halsen.

Men det er ikkje berre som skodespelarar barn kan imponere, sjølv om det er noko tidlaust som alle kan ta del i når det skjer på lerretet. Musikk og dans kan vere like store opplevingar. Sjekk denne musikkvideoen med australske Sia, og ikkje minst jenta som dansar:

Eg er ikkje spesielt interessert i dans, men himmel og hav så bra Maddie Ziegler dansar! Eg trur ikkje ho er meir enn elleve år her.

Barn kan vere ekstremt talentfulle, og dei bør få sjansen til å vise seg, dersom det er det dei vil. Sjølvsagt er mange blitt pressa av ambisiøse foreldre, men eg trur ikkje nokon blir så talentfulle som dei i klippa overfor utan at dei vil det sjølv.

Men alle døma dine er jo amerikanske, seier du. Ja, nesten alle. Strengt tatt er Leon ein fransk film, med engelsk dialog, men ja, mykje av populærkulturen som har påvirka meg er nok amerikansk. Den finnest gode døme frå vårt naboland. Mitt liv som hund (1985), Lotta på Bråkmakargatan (1992) Fanny och Alexander (1982) frå Sverige har alle imponerande barn i store roller. Kan dei få dette til i Noreg? Heilt sikkert. Men så langt har eg aldri sett noko liknande her. Det næraste eg har vore må vere NRKs Vaffelhjarte (2011), basert på Maria Parr si bok. Men også her er det preg av overinstruerte barn som ikkje i nærleiken av t.d. Drew Barrymore i E.T. når det gjeld å virke naturleg framfor kamera.

I norsk barne-tv/film virkar det ofte som om ungane berre les eit manus høgt, utan å meine orda som kjem ut av munnen på dei. Det er ikkje ungane sin feil, dei har fått eit dårleg manus og ein dårleg regissør. Eller kanskje dei vaksne tenkjer at sidan det er ungar som er publikum så treng dei ikkje bry seg med å gjere det skikkeleg? Slik undervurdering av barn er noko av det verste eg veit. Slikt kan skje på amerikansk film, òg, berre så det er sagt. George Lucas, bestekompisen til Steven Spielberg slit med å regissere barn (og vaksne, for den saks skuld). Berre tenk kor bra Star Wars Episode I – The Phantom Menace (1999) kunne ha vore, dersom Steven Spielberg hadde hatt regi?

Eg kan ramse opp ein haug med andre filmar og tv-seriar som har imponert meg med sterke barneskodespelarar, og vil til slutt nemne Rob Reiner si filmatisering av Stephen King novella The Body, nemleg filmen Stand by me (1986). Her er ungane i grenseland til å bli tenåringar, men dei speler fantastisk godt i ein film som er ein av mine personlege favorittar. Filmen fortel om eit tap av uskuld, og om det å gå ut av nettopp barndomen. Wil Wheaton og John Cusack er med i klippet under, men filmen har også fantastiske prestasjonar av Jerry O`Connell, Corey Feldman og sist men ikkje minst: River Phoenix som døydde i 1993 – noko som gjer filmen ekstra trist.

Barn må få vere barn, sjølvsagt, men det er ekstremt sterkt å sjå barn som speler fletta av sine vaksne motspelarar på lerretet, eller barn som dansar som om heile livet står på spel. Vi treng fleire av dei.