Se og Les-konferansen i Bergen 9. og 10. februar tok opp i seg utfordringar i samtida. Konferansen samla ei rekkje aktuelle programpostar i fleire sjangrar: munnlege essay og meir vitskaplege føredrag, forfattarintervju og panelsamtalar, samt mindre innslag med opplesingar og musikalske framføringar. Programmet var både variert og forseggjort, skriv Eivind Myklebust i ein kommentar på barnebokkritikk.no.

Tema for den første konferansedagen var «ytringar», og for den andre «i grenseland». Eg har lært å leggje saman, og tek det såleis for gitt at ei målsetjing for dei to konferansedagane også har vore å seie noko samla om «ytringar i grenseland», altså om den barne- og ungdomslitteraturen som pressar seg mot eller overskrid grensene for det born og ungdom kan tåle, eller kanskje like rett: mot grensene for det vi vaksne kan tåle på deira vegne.

Slik sett opplevde eg Bergensordførar Marte Mjøs Persens opning av konferansen som litt, kva skal ein seie, på sida av saka? Ho valde å halde ein liten lovtale til litteraturen, og framheva dei gode, oppbyggjande eigenskapane den utvilsamt kan ha. Litteraturkritikaren i meg reagerer nærast på instinkt når litteraturen blir presentert som i utgangspunktet vakker, rik og karakterbyggjande, og under konferansens tema tenkjer eg at det ville vere rettare å framheve litterære ytringar som ikkje alltid harmonerer, som ikkje naudsynleg garanterer noko, men som bevegar seg utover grensene og inn i det ukjende.

Men det er mange måtar å krysse ei grense på, noko mellom andre Simon Stranger viste i sitt munnlege essay. Stranger snakka om skrivinga som ein metode for å krysse eigne grenser – som ein måte å miste seg sjølv og kanskje nå fram til andre på. Både han og Maja Lunde snakka om den litterære røysta som eit middel til innleving og til å skape empati for andre – men også som ein reiskap til å bere ei ytring. Lunde følte ho måtte innrømme at ho faktisk ynskjer å ytre noko med litteraturen sin, at ho vil meine noko og formidle denne meininga. Både Lunde og Stranger – som jo absolutt må seiast å skrive samfunnskritisk litteratur – kunne gjerne delt fleire tankar om dei kritiske aspekta ved litteraturen sin. I alle fall etterlèt dei interessante spørsmål, som konferansen aldri fekk utdjupa skikkeleg: Finst det særskilte politiske grenser for barnelitteraturen? Kvar går dei? Se og Les-konferansen presenterte fleire ytringar om enn ytringar i grenseland.

Les meir om konferansen, om leselyst og teknologi og andre tema på konferansen – og vurderingane til Myklebust på barnebokkritikk.no:

Her er ein smakebit til:

Mitt inntrykk frå konferansen er at fagmiljøet har både mot og vilje til å ta innover seg utfordringane som melder seg i samtida – både gjennom den teknologiske utviklinga og gjennom samfunnsutviklinga elles. Likevel opplevde eg samla sett perspektivet som litt konfliktsky og samstundes noko nærsynt, i den forstand at konferansen fokuserer mykje på konkret formidlingsproblematikk (i tillegg til tematisk påfyll til formidlinga), og stundom gløymer å problematisere det som kjem før formidlinga: Kva er og gjer barnelitteraturen i vår tid? Kva kan den vere og gjere? Kva slags grenser går mellom barne- og vaksenlitteraturen? Ser dei annleis ut no enn før?