Han er ein smilande hund, som i Eli Hovdenak sine illustrasjonar minnar om ei blanding av kostane i ein bilvask og ein pipereinsar.

Eg har sjeldan blitt så glad over å lese ei bok, som eg blei av denne, og må framleis smile kvar gong eg tenkjer på ho. Opplevingane startar allereie i permen der Jippi oppdagar eit tre. Historia handlar om Jippi på tur med Gunnar, og mens han tumlar nedover trappa tenkjer han på alle luktene han kjenner. Han ertar nabohunden som står inne mens han sjølv skal på tur. Han ålar seg langs gatene mens han memorerar alt som stinkar. På trappa utanfor frisørsalongen, møtar han venninna si, Rita. Og med eitt ser han ein sky og blir som ein. Når han ser ”Spurvetreet”, ser han seg sjølv med alle fuglane i pelsen og flyg som ein fugl og landar i fontena. Han sym omkring og seier ”Jeg kan svømme! Mens jeg drikker! Mens jeg tisser! Mens jeg dusjer!”. Etterpå får Rita tørke han. Når ho er ferdig å føne og sjamponere ser Jippi ut som ein liten høyballe. Det likar han dårleg og badar til pelsen løyser seg opp att.

Illustrasjonane inneheld eit vell av detaljar frå politiske plakatar med dyrevennleg bodskap til rare typar med spiss nase og ranke menn med stokk. Alle detaljane skapar eit levande bymiljø omkring han. Tekstane er lesevennlege og idérike når Jippi assosierar.

 KINE HELLEBUST