No er vi nok ein gong komen til den tida på året då kunstnarstipenda blir offentleggjort. Eg har sjølv i mange år sete spent og venta på om eg skulle få nokre kroner, og eg har vore heldig og fått. Eg hadde ikkje vore forfattar i dag utan.

No sit eg i andre enden, i Det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsbokforfattarar og deler ut og innstiller, og i årets runde har det vore frustrasjon rundt søkjarmassen. Eg aner ikkje i kor mange anledningar eg har sagt, skrive og blogga: «Søk på alt! Kryss av i alle boksar!!» Og ikkje minst: «Søk både hos Staten og NBU!»

Likevel ser vi at nokre berre søkjer arbeidsstipend, eller kun statlege stipend. Nokre søkjer til og med kun diversestipend, når vi aller helst vil gi arbeidsstipend!

Hugs det at det NBUs litterære råd som avgjer både NBUs eigne stipend OG Staten sine! Vi koordinerer og prioriterer så godt vi kan, men når enkelte søkjarar ikkje orka å fylle ut eit ekstra skjema hos Staten, då går det slik det må gå.

Søkjer du kun arbeidsstipend så risikerer du å miste ein stad mellom 25 000 – 120 000 (i årets tildeling). Sjølvsagt er det tungvint å søkje på alle dei statlege stipenda, men som sagt kan du risikere å miste store summar, berre fordi du ikkje brukte ti minutt ekstra på søknadsprosessen. 

Søkjer du kun diversestipend, fordi du trur du berre kan arbeide 50% ved sida av? Det er sant dersom du søkjer statleg stipend, men ikkje for NBU sine! Her kan du arbeide doble skift ved sida av, så lenge du leverer bøker også.

I år var det mange søkjarar som gjorde oss i rådet ekstremt frustrerte. Eg nemner ikkje namn, sjølvsagt, det har eg ikkje lov til. Eg er sikker på mange veit kven dei er, og eg skriv dette med eit lite håp om at det endrar seg til neste år. Eg kjem til å rippe opp i dette då også, for dette kan ikkje seiast for ofte: SØK PÅ ALT! ABSOLUTT ALT!!